Fotballgruppa har dei siste par åra har stor suksess med Aksjon dorull, og vi gjentek difor denne også i år. Aksjonen er ei viktig inntektskjelde for Surnadal IL Fotball, og har fungert som ei slags erstatning for mellom anna sal av pizzalodd og bedriftscupen.
Viktig info til lagleiarar:
Dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus og arrangementsansvarleg i styret, Kirsten Jordet, står og deler ut dorullsekkane på Syltøran førstkomande måndag 18. august frå klokka 18.00 og utover.
Sørg for at du møter opp og hentar ut sekkane, som deretter skal delast ut til spelarane på laget ditt. Eit tips er at kvar lagleiar, etter å ha henta sitt lag sine sekkar hos Øystein og Kirsten, stasjonerar seg på ulike plassar av Syltøran, der spelarar og foreldre kan få det dei skal ha.
OBS! Berre lagleiarar (og til nød trenarar - ikkje kvar enkelt forelder) skal hente sekkar hos Øystein og Kirsten.
Hugs å ha med deg folk som kan hjelpe til å bere!
Ytterlegare informasjon om antal og frist for innlevering av pengar kjem i eige skriv.