Uavgjort mot Meldal

Surnadal-Meldal 2-2 (0-0)

Det vart ein jamn kamp då Meldal tok turen til Syltøran og AMFI Park laurdag 29. mars. Surnadal klarte ikkje heilt å gjenskape prestasjonane frå kampane mot Rødde 2 og Sunndal, men alt i alt var laget likevel eit hakk kvassare enn eit lag som er venta å kjempe i toppen av 4. divisjon i Trøndelag. 

IMG_0308
Sven Ranes.
IMG_0340
Roy Bolme skapa store problem for Meldal-forsvaret.
IMG_0341
Roy Bolme.
IMG_0391
Bjørnar Dalsegg Sæter fyrar av eit frispark - berre ei kanonredning hindra scoring.
IMG_0409
Kaptein Trond Blekken.
IMG_0421
Terje Holden.
IMG_0314
Petter Eidsli.

Surnadal tok tidleg kontroll på heimekampen mot Meldal laurdag 29. mars, men litt lågare balltempo enn vi har sett i dei to føregåande kampane gjorde at det duellsterke bortelaget stod godt imot. Den første halvtimen var relativt sjansefattig, trass seks-sju Surnadal-cornarar, som følgje av eit vedvarande press og ein god Meldal-keeper. Stian Kooyman, som var innom Surnadal IL for nokre år sidan, henta fleire gonger i løpet av kampen fram redningar frå aller øvste hylle, mellom anna på eit godt Bjørnar Dalsegg Sæter-frispark omtrent akkurat på 16-meterstreken. Roy Bolme, som starta på topp saman med nemnde Dalsegg Sæter, hadde og eit par gode sjansar i første omgang, utan teljande resultat denne gongen.

God matching

Om det var sola, det at det var treningskamp mellom to cupkampar, ein noko uvant formasjon eller ein kombinasjon av alle desse tre tinga er uvisst, men Surnadal sleit med å få opp den same intensiteten i spelet sitt som vi har sett i det siste. Meldal rykka, som oss, ned frå 3. divisjon i fjor, og har i oppkøyringa komme til finalen, som dei tapte mot Trygg/Lade, i 4.divisjon-klassa i Vinterserien i Trøndelag. Dei er altså eit lag som kan forventast å vere i toppen av 4. divisjon, og var god matching for eit ungt Surnadal-lag laurdag.

Første omgang ebba ut mållaus, etter 45 minutt der Surnadal var klart nærast scoring, og der SIL-keeper Steinar Bæverfjord Ranheim faktisk ikkje hadde ei einaste redning. Vi skapte tre-fire store sjansar, og spelte oss til omtrent eit tosifra antal hjørnespark, men i målprotokollen stod det altså framleis 0-0.

Målrik andreomgang

Surnadal gjorde tre byter i pausen. John Arvid Aamodt tok plass mellom stengene, medan Dan Blekken og Comeback Kid Terje Holden kom inn for Sven Ranes og Simen Einmo Engdal. Utover i omgangen kom og Lars Mogstad, Emil Haugen Ansnes, Ørjan Nes Haugen, Sander Smevoll og Trond Resell inn, så heile 19 mann fekk speletid i denne kampen.

I den andre omgangen fekk dei om lag 50 tilskodarane og sjå scoringar - fire i talet. Det kunne vore fleire, og ikkje lenge etter pause var Roy Bolme ekstremt nær si første scoring etter comebacket då han sette ballen i tverrliggaren frå skrått hald. Etter 56 minutt fekk Dan Blekken ballen på 16 meters hald, litt skrått ut til høgre. Han curla ballen nydeleg i motsatt hjørne, og denne gongen var Meldal-keeper Kooyman sjanselaus. 1-0 til Surnadal, og på dette tidspunktet sat nok mange med kjensla av at dette heilt klart var fortent, særleg etter spel og sjansar i førsteomgang.

Berre tre minutt seinare utlikna Meldal, etter at dei kom seg rundt på si venstreside. SIL fekk avverga det første forsøket, men ikkje lenger enn til ein Meldal-spelar som enkelt kunne sette returen i mål. Og Meldal var ikkje ferdige, for etter 74 minutt gjekk dei like godt opp i ei 2-1-leiing. For Surnadal sin del var dette ein kamp der vi varierte veldig i kvalitet, og Meldal hadde ein god periode rundt 2-1-målet.

God gjennomkøyring og god stall

Det siste kvarteret var prega av eit tent Surnadal-lag som tydeleg ikkje ville tape, og som viste at vi har vinnarskallane som skal til når serien startar etter påske. Roy Bolme og Bjørnar Dalsegg Sæter skapa stadig problem for noko tunge Meldal-stopparar, og det var og desse to, som til saman scora godt over 40 mål i 3. divisjon i fjor, som skulle sørgje for utlikninga. Bolme dribla lettbeint rundt langt inne i bortelaget sin 16-meter, då han vart sparka på vrista så det small, noko som resulterte i ein god, gamaldags kråkfot. Straffe til Surnadal, og Bjørnar Dalsegg Sæter sette trygt inn sitt femte mål på tre treningskampar. Med dei fire han scora i cupkvalifiseringa mot Sunndal er fjorårets toppscorar altså nesten oppe i tosifra antal mål før kalenderen viste april.

Fleire mål vart det ikkje i kampen, som dermed enda 2-2. Spelmessig vart det kanskje ikkje like godt som vi håpa på, men vi fekk gjeve 19 mann ei god gjennomkøyring mot solid 4. divisjonsmotstand. Det hadde strengt tatt ikkje vore noko å seie på om vi vann kampen, ut i frå spel og sjansar, og det utan sentrale spelarar som Stein Todalshaug og Andreas Dalsegg Sæter. Det viser at vi har ein god og brei stall, der alle spelarane kjem til å spele viktige rollar denne sesongen! 

No gler vi oss til cupkamp og seriestart, og håpar så mange som muleg kjem og heiar oss fram både laurdag 5.4. mot AK (Cup) og i serieopninga heime mot KFK 21. april (2. påskedag).

Vi takkar for kampen, og ønskjer Meldal lykke til med 2014-sesongen!

Neste A-kamp: 2. kvalifiseringsrunde i NM mot Averøykameratene. Kampen vert spelt på AMFI Park laurdag 5.4. kl. 15.00. Vel møtt!

 

Kampfakta:

Surnadal-Meldal 2-2 (0-0)

AMFI Park, laurdag 29.3. kl. 14.00.
Om lag 50 tilskodarar.

Mål:

1-0 Dan Blekken (56.) (Assist Bjørnar Dalsegg Sæter (evt. Trond Blekken?))
1-1 (59.)
1-2 (74.)
2-2 Bjørnar Dalsegg Sæter (str. 84.) (Assist Roy Bolme)

Ingen kort.

Surnadal frå høgre mot venstre (4-4-2):

Steinar Bæverfjord Ranheim (John Arvid Aamodt 46.) - Håkon Bredesen (Ørjan Nes Haugen 75.), Petter Eidsli (Emil Haugen Ansnes 69.), Vegar Brøske (Sander Smevoll 75.), Simen Einmo Engdal (Terje Holden 46.) - Hallvard Næss (Lars Mogstad 65.), Snorre Larsen (Trond Resell 80.), Sven Ranes (Dan Blekken 46.), Trond Blekken (Kaptein) - Roy Bolme, Bjørnar Dalsegg Sæter.

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva