Han vann VM-gull i Luzern i 2001 og Milano i 2003. Han vann OL-gull i Athen i 2004 og Beijing i 2008. Under IPC Nordic Skiing World Cup i Surnadal kjem sjølvaste Olaf Tufte til Nordmarka.
Etter siste renn søndag 22. mars blir det nemleg tv-innspeling på Nordmarka, og konkurranse - med Tufte og verdenscuputøvar Birgit Skarstein i hovudrollane.
Under innspelinga ønskjer både vi som arrangør og tv-teamet å ha så mykje publikum som muleg til stades, så vi håpar folk blir att etter at skiskytinga søndag er ferdig!
Utan at vi kan røpe for mange detaljar kan vi seie at dette garantert blir verdt å få med seg, og det blir eitt flott punkum for aktivitetane på Nordmarka under verdenscup-veka.
Vi er klare for ei veke full av store opplevingar, og vi gler oss til å ta imot eit tresifra antal utøvarar, guidar og støtteapparat frå eit tosifra antal land! Allereie 9. mars kjem det japanske landslaget, og dei får selskap av utøvarar frå alt frå Brasil og Tyskland til USA og Russland.
Her er det berre å gjere seg klar til folkefest, og ta turen opp til Nordmarka 16.-22. mars!