Tysdag 1.4., onsdag 2.4., måndag 7.4., tysdag 8.4. og onsdag 9.4. kan laga frå 8-10 år trene på kunstgraset på AMFI Park i tidsrommet 17.00-18.00. Tre av dagane (måndag 7.4. og dei to onsdagane) har G16 ein del av bana til oppvarming frå 17.30-18.00.
I tillegg til desse fem dagane er det ein god del ledige tider i helgene fram mot påske, og det er muleg å booke tid i helgene ved å kontakte dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus på oystein.bondhus@surnadal-il.no.
Det vil bli sett opp ny baneplan som gjeld frå og med veka etter påske. Då kan vi forhåpentlegvis og ta i bruk grasbanene våre.
Trykk her for å sjå den komplette baneplana.