klubblog_wbo

Trenar-kickoff tysdag 8. april

Tysdag 8. april vert det trenar-kick-off for alle trenarar i Surnadal IL Fotball. Her vil mellom anna styret informere om den nye sesongen, og det vil verte mulegheit til å utveksle erfaringar, ta opp saker ein meiner er viktige og ete bacalao frå Norsk kvalitetsmat. Arrangementet startar kl. 18.30.

Styret i SIL Fotball ønskjer å samle alle trenarane våre til ein kick-off før sesongen 2014, og har no bestemt at arrangementet går av stabelen i klubbhuset på Syltøran tysdag 8. april. Her kan ein både få praktisk informasjon, fagleg påfyll og hyggeleg, sosialt samver med andre SIL-ildsjeler. 

Vi håpar at så mange som muleg tek turen, og utvekslar erfaringar frå tidlegare år og tankar om den nye sesongen.

Vel møtt!

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva