15. september 2012 var dei 20 tilskodarane på Hareidsmyrane stadion i Hareid på Sunnmøre vitner til at Surnadal tok sin hittil siste bortesiger i serien, med 3-2 borte mot Hareid. Sigeren mot Hareid var den einaste bortesigeren i 2012, medan 2013-sesongen gjekk utan ein einaste ligasiger på framand gras (Vi slo Meldal borte i 1. kvalikrunde i cupen). Kampen mot Tingvoll 16. mai handla dermed om meir enn at det var eit lokaloppgjer på sjølvaste fotballens festdag - det handla om ein barriere som skulle brytast.
Men det starta dårleg for Surnadal borte mot Tingvoll. Heimelagets svært livlege og fotrappe venstrekant Håvard Venås dunka inn eit frispark på reinaste Cristiano Ronaldo-vis. Men der Ronaldo stor sett bommar på mål (unnskyld, Håkon og Bjørnar), traff heimelagets nummer 10 perfekt. Dermed tok Tingvoll leiinga 1-0 etter 15 minutt.
Flott Surnadal-scoring
Berre tre minutt seinare er det klart for balanse i rekneskapen. Roy Bolme driv glimrande framover, inn i Tingvoll-feltet. Han dreg på seg to forsvararar, før han på nydeleg vis slepp ballen til Bjørnar Dalsegg Sæter, som heilt umarkert sørgjar for 1-1.
Før referenten er ferdig med å publisere gladnyheita om utlikninga på Twitter, tek heimelaget leiinga igjen. Bjørnar Dalsegg Sæter er nær ved å utlikne nok ein gong, men lobben hans over keeper går dessverre utanfor mål. Ikkje lenge etter skapar vi ein stor dobbelsjanse. Kaptein Trond Blekken mottek ballen i lufta inne i feltet, og dempar og vender i same bevegelse. Han dunkar så til på volley, men ballen smell i tverrliggaren før den sprett ut att på bana. Der fangar toppscorar Dalsegg Sæter opp returen, men skotet hans vert blokkert til corner.
SIL pressar, Tingvoll kontrar
Etter 29 minutt er det Dan Blekken sin tur til å treffe stolpen, og om lag ti minutt seinare har Roy Bolme ei avslutning i nettet, men assistentdommaren vinkar for offside. Tingvoll hadde og ein ball i mål litt tidlegare i omgangen, men denne gongen blas dommaren for angrep på keeper Steinar Ranheim.
Trass fleire gode Surnadal-sjansar, og nokre skumle Tingvoll-overgangar - stort sett ved den gode venstrekanten Venås, står 2-1 seg til pause. Vi kan på ingen måte vere fornøgde med det vi har prestert dei første 45 minutta, sjølv om det skal seiast at vi har produsert meir enn nok sjansar til at det kunne vore vi som leidde til pause. I pausa legg vi om frå 3-5-2, som vi spelte i første omgang, til å spele med fire bak.
God andreomgang
I andre omgang er det liten tvil om kva lag som vil mest. Balltempoet er eit heilt anna, og kantspelarane til Tingvoll er nesten usynlege. Etter 56 minutt endar eit innkast hos Roy Bolme med ryggen mot mål. Ein Tingvoll-spelar tek eit realt livtak på Bolme, og slepp ikkje. I alle fall ikkje før det har gått mange sekund, og dei to duellantane har flytta seg fleire meter innover mot Tingvoll sitt mål. Då får og dommaren nok, og peikar på ellevemeteren. Bjørnar Dalsegg Sæter er sikker som banken, og dermed står det 2-2.
Berre minuttet etter vert Stein Todalshaug spelt flott igjennom, og 4. divisjons Lionel Messi set ballen sikkert i mål. Dessverre vinkar assistentdommaren det vi meiner er ein svært tvilsam (til seinare: når vi brukar omgrepet "svært tvilsam" meiner vi "feilaktig idømt", vi berre modererer oss litt) offside.
Dødball-o-rama
Etter 65 minutt spelar Trond Blekken ei nydeleg pasning inn bak forsvaret til Tingvoll, der veslebror Dan Blekken er på eit flott løp. Han har så god tid at han kan la ballen sprette eit par gonger, før han dundrar inn 3-2 til Surnadal. Vi har snudd kampen!
Og no har vi verkeleg fått blod på tann. To minutt etter 3-2 kjem høgreback Lars Mogstad på eit flott offensivt løp, og rundar forsvararen sin på strålande vis. Det vil forsvararen ha seg fråbedt, og godt på etterskot legg han Lars i bakken. Soleklar straffe, og Bjørnar Dalsegg Sæter får dermed æra av å sette inn 4-2 til oss frå krittmerket. Etter 69 minutt kjem spelande trenar Webjørn Holten og Emil Haugen Ansnes inn for førsteårsjunior Sander Smevoll og andreårsjunior Ørjan Nes Haugen. Trenar Holten var faktisk nære scoring tre gonger etter at han kom inn, men kom dessverre ikkje nærare enn ei heading som vart redda omtrent på streken. Vi hadde svært mange hjørnespark i denne kampen, utan at det enda med scoring. Likevel skulle vi ende med tre dødballscoringar, i tillegg til at Tingvoll scora eitt av sine mål på dødball.
71 minutt er spelt når same Dalsegg Sæter blir felt, 30 meter frå Tingvoll-målet. Etter ein tirade mot motspelaren som klipte han ned, tek Bjørnar ut aggresjonen på ballen i staden. Han rappar til ballen, som fer som eit prosjektil igjennom lufta, og sjølv om den er innom muren ser den ikkje ut til å miste noko særleg fart. Ballen susar vidare mot mål, og keeper får ikkje gjort anna enn å slå den i mål. 5-2 til Surnadal, og eldstebror Dalsegg Sæter sitt fjerde mål for dagen! Dermed er han oppe i 11 obligatoriske mål så langt i 2014 - på åtte kampar.
Fortent siger
Vi held fram med å køyre kampen mot eit tydeleg slitent Tingvoll-lag, men det blir litt for upresist på den siste tredjedelen. Samtidig dalar tempoet, på grunn av at det verkar å vere avgjort kvar poenga skal hamne. Fem minutt før slutt reduserer Tingvoll til 3-5, etter at keeper Steinar Ranheim, som elles spelte ein god kamp er uheldig på eit innlegg frå høgre.
Kampen endar dermed med 5-3-siger til Surnadal borte mot Tingvoll. Dermed ser oversikta over våre fem siste bortesigrar i serien no slik ut:
16.5.2014: Tingvoll 5-3
15.9.2012: Hareid 3-2
15.11.2011: Eidsvåg 1-0
4.6.2011: Averøykameratene 1-0
14.5.2011: Stranda 2-1
Aller viktigast: Vi tok vår tredje strake siger, vi braut ein barriere ved å vinne på bortebane, og vi viser i andre omgang at vi har eit gir inne, som dei fleste laga i divisjonen ikkje har. No må vi berre jobbe med å klare å komme opp på det nivået oftare, og over lenger periodar, så kan dette bli veldig, veldig bra! SIL-gut HEI!
Vi takkar eit hyggeleg Tingvoll-lag for kampen, og ønskjer dei lykke til vidare i sesongen!
Neste A-kamp: Surnadal-Åndalsnes på Syltøran stadion, laurdag 24.5. kl. 14.00.
Kampfakta:
Tingvoll-Surnadal 3-5 (2-1)
Tingvoll kunstgressbane, fredag 16.5.2014 kl. 19.00.
50 betalande tilskodarar
Mål:
1-0 Håvard Venås (15.)
1-1 Bjørnar Dalsegg Sæter (18.) (Assist Roy Bolme)
2-1 Henrik Skålvik Fredriksen (19.)
2-2 Bjørnar Dalsegg Sæter (str. 56.) (Assist Roy Bolme)
2-3 Dan Blekken (65.) (Assist Trond Blekken)
2-4 Bjørnar Dalsegg Sæter (str. 67) (Assist Lars Mogstad)
2-5 Bjørnar Dalsegg Sæter (71.) (Ingen assist. Frispark, vart felt sjøl)
3-5 Håvard Venås (85.)
Gult kort: Leidulf Søyland, Tingvoll (76.).
Laget (3-5-2):
Steinar B. Ranheim - Lars Mogstad (Håkon Bredesen 82.), Ørjan N. Haugen (Emil H. Ansnes 69.), Vegar Brøske (Bjarne Madaus 86.) - Dan Blekken (Hallvard Næss 86.), Sander Smevoll (Webjørn Holten 69.), Stein Todalshaug, Trond Blekken (Kaptein), Simen E. Engdal - Bjørnar D. Sæter (Trond Resell 78.), Roy Bolme.