Anja Wicker vann skiskyttarsprinten under verdenscupfinaleveka i Surnadal onsdag, og fredag leverte ho ein fantastisk innsats på standplass med 20 av 20 treff. Dermed vart det meir tysk jubel på Nordmarka.
Wicker fullførte på 38.50, og vann dermed i suveren stil framfor russiske Natalia Kocherova, som kryssa mållinja 1.41 bak. Lidziya Hrafeyeva frå Hviterussland tok tredjeplassen, 4.04 bak den tyske vinnaren.
Seier til Bychenok
I klassa for menn vart det seier til verdenscupleiar Alexey Bychenok, som i likheit med Anja Wicker skaut fire fulle hus. Dermed gjekk han først i mål, 54 sekund framfor amerikanske Daniel Cnossen på andreplass.
Også i herreklassa vart det bronse til Hviterussland, ved Dzmitry Loban, som etter 20 av 20 treff enda 1.02 bak Bychenok. Norge sitt håp, Trygve Steinar Larsen, braut dessverre undervegs i løpet.
Dobbelt russisk for synshemma
Iuliia Budaleeva har vist seg uslåeleg så langt i verdenscupfinaleveka. Ho vann både langrenn på tysdag og skiskyting på onsdag, og etter 19 treff på dagens jaktstart tok den russiske jenta sin tredje strake seier i Surnadal. Ukrainske Olga Prylutska, som klarte seg heilt utan bokskot, tok andreplassen, 1.00 bak, etterfølgd av lagvenninna Oksana Shyshkova (1 bom).
Verdenscupleiar Nikolay Polukhin tok seieren i klassa for menn, synshemma, etter 19 av 20 treff fredag. Han gjekk i mål 42 sekund framfor Anatolii Kovalevskyi frå Ukraina, medan onsdagens vinnar, Stanislav Chokhlaev, måtte nøye seg med tredjeplass etter tre bom. Chokhlaev var til slutt 1.06 bak Polukhin.