Tøff veke for A-laget

Tre kampar på seks dagar enda dessverre med tre tap, men glimrande publikumsoppmøte både mot KFK og Molde ga flotte opplevingar likevel.

IMG_0664
Trond Blekken sørgja for 1-0 mot KFK
IMG_0677
Roy Bolme snytt for straffe mot KFK?
IMG_0721
Klare for storkamp mot Molde
IMG_0725
Samhald
IMG_0728
Både publikum og media møtte opp i hopetal mot Molde
IMG_0759
Dan Blekken med dagens største SIL-sjanse
IMG_0764
Dei to kapteinane, Trond Blekken og Magne Hoseth
IMG_0776
Keeper Steinar Ranheim vart intervjua av NRK etter strålande innsats mot Molde

KFK

Førre veke vart tøff for A-laget. I serieopninga mot KFK tok laget leiinga 1-0 ved Trond Blekken, men eit svært godt bortelag snudde kampen og vann 3-1 framfor 212 betalande tilskodarar på Syltøran. Surnadal var i føringa til pause, men to mål på fire minutt tidleg i andre omgang snudde i KFK sin favør. Bortelaget fekk så ein mann utvist etter 65 minutt, og SIL pressa på for utlikning.

Nærast kom Dan Blekken med ei avslutning som gjekk tverrliggar-over, men det ville seg ikkje for heimelaget, og tre minutt på overtid sette KFK inn sitt tredje mål for dagen etter at SIL kasta alle mann i angrep. Kaptein Trond Blekken vart kåra til dagens SIL-gut.

Kampfakta:

Surnadal-Kristiansund FK 1-3 (1-0)

Syltøran stadion, måndag 21.4. kl. 17.00
212 betalande tilskodarar.

Mål:

1-0 Trond Blekken (30.) (Assist Håkon Bredesen)
1-1 (Ronny Svanemsli (54.))
1-2 (Andreas Nielsen (57.))
1-3 (Magnar Iversen 90.+3))

Gult kort: Bjørn Christian Søbstad Larsen, KFK. Ingen til Surnadal.
Rødt kort: Morten Boxaspen Høvik, KFK (To gule - det siste etter 65 min.)

Laget (4-3-3):

Steinar B. Ranheim - Lars Mogstad (Vegar Brøske 85.), Emil Haugen Ansnes, Ørjan Nes Haugen, Håkon Bredesen - Snorre Larsen (Roy Bolme 71.), Stein Todalshaug (Snorre Larsen 78.), Trond Blekken (kaptein) - Dan Blekken, Bjørnar Dalsegg Sæter, Andreas Dalsegg Sæter.

 

Molde

Berre tre dagar seinare stod dei regjerande Norgesmeistrane frå Molde på motsett banehalvdel. Det unge Surnadal-laget heldt lenge stand mot eit heiltent Tippeliga-lag, men låg under 0-2 til pause.

Den andre omgangen vart tøffare, og det enda til slutt med 0-9-tap mot dei blåkledde frå Romsdalen, trass ein kjempekamp av SIL-keeper Steinar B. Ranheim, som vart kåra til dagens SIL-gut. Over 850 tilskodarar og strålande sol gjorde likevel dagen til ein folkefest for både idrettslaget og bygda! 

Kampfakta:

Surnadal-Molde 0-9 (0-2)

Syltøran stadion, torsdag 24.4. kl. 18.00.
Om lag 850 tilskodarar, rundt 630 av desse var betalande.

Mål:

0-1 Sander Svendsen (20.)
0-2 Pape Pate Diouf (42.)
0-3 Pape Pate Diouf (57.)
0-4 Agnaldo (60.)
0-5 Sander Svendsen (64.)
0-6 Pape Pate Diouf (66.)
0-7 Sander Svendsen (75.)
0-8 Andreas Hollingen (82.)
0-9 Pape Pate Diouf (84.)

Ingen kort.

Laget (4-3-3):

Steinar B. Ranheim - Lars Mogstad, Emil Haugen Ansnes, Ørjan Nes Haugen (Vegar Brøske 66.), Håkon Bredesen - Snorre Larsen, Stein Todalshaug (Sander Smevoll 77.), Trond Blekken (kaptein) - Dan Blekken, Bjørnar Dalsegg Sæter (Sven Ranes 64.), Andreas Dalsegg Sæter.

 

Frei

To dagar etter den tøffe cupkampen var A-laget oppsett med bortekamp mot Frei. Det vart forsøkt å utsette kampen til søndag, slik at spelarane skulle få ein dag ekstra kvile, men motstandaren sa nei. Dermed var det eit SIL-lag med fleire halvskadde spelarar og fleire fråvêr som reiste til Omsundet.

Det unnskyldar likevel på ingen måte innsatsen som vart levert. Både balltempo og innsats var omtrent fråvêrande, og eit hardtkjempande Frei-lag vann kampen 1-0.

Kampfakta:

Frei-Surnadal 1-0

Omsund stadion, laurdag 26.4. kl. 15.00.
27 betalande tilskodarar.

Mål:

1-0 Ishmael Khoshnau (60.)

Gule kort: Snorre Larsen og Roy Bolme, Surnadal. Ishmael Khoshnau og Haavard Waage, Frei.

Laget (4-3-3):

Steinar B. Ranheim - Lars Mogstad, Emil Haugen Ansnes, Vegar Brøske (Bjarne Madaus 61.), Håkon Bredesen - Snorre Larsen (Trond Resell 70.), Stein Todalshaug, Trond Blekken (kaptein) - Dan Blekken (Sander Smevoll 78.), Roy Bolme (Hampus Hoem 78.), Bjørnar Dalsegg Sæter. 

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva