Etter ein hard treningsperiode med godt trøkk var det laurdag duka for årets første treningskamp for A-laget. Motstandar var naborivalane Sunndal, som i år skal spele i ei nesten rein trøndelagsavdeling i 3. divisjon.
Snittalderen på dei 13 Surnadal-spelarane som tok turen for å besøke våre ville, vakre naboar i sør var på purunge 19,4. Vi hadde med sju spelarar som held junioralder, åtte tenåringar, kun tre spelarar eldre enn 20 år og berre Dan Blekken over 22.
Unggutane våre har vist lovande takter på trening, og i tillegg til at nysigneringa Ørjan Nes Haugen (17) starta i midtforsvaret, fekk førsteårsjuniorane Bjarne Madaus og Sven Ranes begge sjansen frå start. Ei anna nysignering, Hallvard Næss (20), spelte 90 solide minutt på høgrekanten.
På høgde i 1. omgang
Og det unge Surnadal-laget viste fort at dei ville gå respektlaust til verks mot meir rutinerte sunndalingar, som i tillegg til ein del unggutar drog godt nytte av solide veteranar som Torgeir Ruud Ramsli, Eivind Lervik, Øystein Reiten, Erik Ruud Ramsli og Harald Grimstad - alle minst tre år eldre enn den nest eldste surnadalingen på bana.
Allereie frå start av var Surnadal fullt på høgde med Sunndal, og vi fekk kampens første store sjanse då Dan Blekken dessverre blas ballen over frå om lag ti meters hald åleine med keeper. Då var det spelt sju minutt av kampen. Den første halvdelen av første omgang var jamn, og det var difor surt då Sunndal tok leiinga etter 22 minutt.
Ein corner frå vår høgreside vart klarert ut i returrommet, der Torgeir Ruud Ramsli venta. Den tidlegare U21-landslags- og Tippeliga-spelaren fek tid og rom til å enkelt kontrollere inn 1-0, men vi gav ikkje opp av den grunn.
Mål imot rett før pause
Perioden som følgte vart vårt beste i kampen, og det er omtrent utruleg at vi ikkje klarte å score mål. Både Dan Blekken, Andreas Dalsegg Sæter og Bjørnar Dalsegg Sæter har farlege langskot som vert avverga, medan sistnemnde deretter vender vekk Petter Blekken Melkild på nydeleg vis, før han sender ballen like utanfor den høgre stolpen. Eldstebror Dalsegg Sæter skapte trøbbel for sunndalingane kvar einaste gong han fekk ballen, og viste at dei 20 måla (på 23 kampar) han scora i fjor ikkje var noko tilfeldigheit. Forsvarane i 4. divisjon kan berre begynne å grue seg. Veldig!
Mål skulle det likevel ikkje bli på oss, men vi sat med ei kjensle av at det verkeleg låg ei utlikning i lufta. Minst. Vi fekk dermed lufta litt slått ut av oss då Sunndal, mot spelets gang på dette tidspunktet, gjekk opp til 2-0-leiing i det 44. minutt. Her meiner vi at vi i forkant skulle hatt eit soleklart frispark, men vi skal ikkje gløyme at det er tidleg i oppkøyringa for dommarane og.
Målet kom etter at eit høgt Surnadal-oppspel mot Bjørnar Dalsegg Sæter endar med at storscoraren vår vart måka i bakken av ein midtstoppar, utan at pipeblåsaren valte å blåse i pipa. Dermed fekk Sunndal spele direkte fram til venstrekant Erling Fredriksen, som viste flott avslutningsteknikk då han sette ballen i det høgre hjørnet.
Dermed gjekk laga til pause på stillinga 2-0 til Sunndal, etter det som stort sett var ein god omgang av Surnadal. På dette tidspunktet såg vi at vi klarte å skape ein god del sjansar, og sat med ei kjensle av at vi minst burde hatt uavgjort. I pausa kom Vegar Brøske inn for 16 år gamle Bjarne Madaus, som viste både stor fart og god duellstyrke på høgrebacken i første omgang.
Etter byttet gjekk Emil Haugen Ansnes ut på backen, medan Brøske og Ørjan Nes Haugen utgjorde stopparparet. I pausa snudde vi og V-en på midtbana. Der vi i første omgang hadde Dan Blekken offensivt og Snorre Larsen/Andreas Dalsegg Sæter defensivt, vart kaptein Dalsegg Sæter i andre omgang flytta opp til yngstebror Blekken for å skape eit større trykk offensivt.
Store Surnadal-sjansar
I starten av andre omgang heldt vi fram slik vi gjorde i perioden 25.-40. minutt, og i løpet av dei ti første minutta var både Dan Blekken og debutant Sven Ranes svært nære scoring. Blekken drog seg fint fri inne i straffefeltet, men avslutninga frå god posisjon gjekk til side for mål. Ranes var våkent framme og snappa ei svak pasning i Sunndal-forsvaret, og drog seg strålande til side for keeper før han dessverre mista balansen litt då han skulle skyte. Dermed fekk Sunndal klarert før ballen trilla over målstreken.
Etter dette jamna kampen seg ut, og vi tok til å merke at vi har trent hardt den siste tida. I det 57. minutt rulla Sunndal opp eit nydeleg angrep, som førte til innlegg frå vår høgreside. Inne i midten hadde Erik Ruud Ramsli sprunge seg heilt fri, og frå kort hald sette han enkelt inn 3-0. Om dei to første baklengsmåla var av den litt sure, enkle sorten, kom dette rett og slett etter godt Sunndal-spel.
Sunndal best mot slutten
I det 60. minutt kom Ola Øyen Saltrø inn for venstrekant Sven Ranes. Saltrø tok plass på høgrebacken, medan Emil Ansnes tok plass som midtbaneanker, Snorre Larsen som indreløpar og Andreas Dalsegg Sæter som kant.
Bjørnar Dalsegg Sæter skapte og i andre omgang eit par sjansar omtrent på eiga hand, og var berre ei kjemperedning av Sunndal-keeper Bendik Reitan unna nettkjenning midtvegs i omgangen.
Utover i omgangen sleit vi meir og meir med å halde på ballen, og Sunndal festa eit grep om kampen. Det førte til ein del større og mindre sjansar, men stort sett forsvarte vi oss godt, og spesielt debutant Ørjan Nes Haugen markerte seg det siste kvarteret. Sunndal hadde nok ei god sak då dei meinte at ein ball var over målstreken vår etter ein corner, men verken dommar eller linjemann markerte for scoring. På motsatt side duppa nesten eit langskot frå Bjørnar Dalsegg Sæter i mål heilt på tampen av kampen, men kampen ebba ut med 3-0 til heimelaget - eit flatterande resultat for sunndalingane, etter spel og sjansar.
Lovar godt
For å oppsummere leverer det unge Surnadal-laget ein god første time, før vi slit noko meir i andre halvdel av andre omgang. Etter den første omgangen kunne det like godt vore vi som var i føringa, men det er no ein gong slik at det i fotball er måla som tel, og dei var det Sunndal som scora - også før pause.
Sjølv om vi naturleg nok har ein del å rette på fram mot seriestart, var det og mykje positivt å ta med seg frå denne kampen. Vi veit at vi denne gongen mangla spelarar som Stein Todalshaug, Trond Blekken, Simen Engdal og Trond Resell, i tillegg til nysigneringane Petter Eidsli og Terje Holden. Dermed fekk vi mot Sunndal sjå at vi har mange svoltne spelarar som vil kjempe om ein plass i startellevaren i cupkvalik og serieåpninga mot KFK 21. april, så dette lovar godt for den komande sesongen!
Kampfakta:
Sunndal-Surnadal 3-0 (2-0)
Sunndal kunstgress, 8.2. kl. 15.00.
Mål:
1-0 Torgeir Ruud Ramsli (22.)
2-0 Erling Fredriksen (44.)
3-0 Erik Ruud Ramsli (57.)
Ingen kort.
Surnadal (4-3-3) frå høgre mot venstre:
Steinar Ranheim - Bjarne Madaus (Vegar Brøske 46.), Emil Haugen Ansnes, Ørjan Nes Haugen, Håkon Bredesen - Snorre Larsen, Dan Blekken, Andreas Dalsegg Sæter (Kaptein) - Hallvard Næss, Bjørnar Dalsegg Sæter, Sven Ranes (Ola Øyen Saltrø 60.)