Suksess med Surnadal Sparbank-Karusellen - RESULTATER

Første kvelden med Surnadal Sparebank-Karusell vart det rekordmange deltakarar. Til tross for mykje folk, gjekk alt greitt. Her finn du også resultata frå det første rennet.

Heile 87 deltakarar møtte opp i Sæterlia for å delta på Surnadal Sparebank-Karusellen, noko som gjorde at vi fekk ei nesten dobling av deltakarane som var på første rennet i fjor.

Det var ei storslalomløype, der kvar deltakar køyrde ein omgang. Rennet vart gjennomført utan problem, til tross for stor pågang.

Vi håpar rennet neste måndag blir like vellykka - Velkomen!

 

 

                  Klikk her for resultatlista frå måndag 18.01.10. Dei deltakarane som er født i 1999 og tidlegare er rangert etter tid.

 

#FORUM#

Annonser