A-laget sin førstekeeper dei siste fire sesongane, Steinar Bæverfjord Ranheim, har meldt overgang til Stjørdals-Blink.
20-åringen sa tidlegare i år frå om at 2016-sesongen vart hans siste i SIL-trøya for denne gong, og no er det klart at Are Tronseth sitt Blink blir neste stopp.
- Eg har trent berre ei økt med Stjørdals-Blink, men har hatt ein ganske lang dialog med sportsleg leiar i klubben. Eg har fått eit veldig godt inntrykk av klubben, og følte meg raskt veldig ønska der.
Tru på Tronseth
- Det var gjennom Ranheim, som eg har trent med sidan august, eg kom i kontakt med Stjørdals-Blink, seier keeperen, som fortel at det at nettopp Are Tronseth skal trene laget var ein av grunnane til valet av ny klubb.
- Eg kjenner etter kvart Are ganske godt via treningane med Ranheim, der han spelte til han la opp etter 2016-sesongen. Då det vart klart at han tek over som trenar for Stjørdals-Blink var han veldig ivrig etter å hente meg dit, og eg har veldig stor tru på han som trenar.
Går for opprykk
Steinar har fått eit godt innblikk i nyklubben sine planar og korleis den er driven, og ser positivt på framtida:
- Det verkar som ein knallbra klubb med ambisjonar på linje med mine eigne. Vi går for opprykk tilbake til 2. divisjon allereie i år, seier Ranheim, vel vitande om at Stjørdals-Blink berre var eitt fattig poeng frå å berge plassen i 2. divisjon i 2016.
- Stjørdals-Blink framstår som ein klubb med store ressursar og eit proft opplegg, så eg trur eg kan utvikle meg veldig mykje og forhåpentlegvis ta endå eit steg opp seinare.
- Vil sakne Syltøran
Sidan SIL-debuten i 2013, har Steinar Bæverfjord Ranheim stått totalt 94 obligatoriske A-kampar for Surnadal, og han innrømmer gjerne at det blir rart å forlate klubben og kameratane.
- Ja, det blir veldig rart å ikkje skulle spele på lag med kompisane mine, og eg kjem verkeleg til å sakne Syltøran. Spesielt det å spele heimekamp på Syltøran, det er noko av det artigaste eg veit, seier Ranheim, og legg til:
- Samtidig føler eg no at eg treng nye utfordringar for å kunne utvikle meg endå meir, slik at eg kan bli god nok til å stå på eit endå høgare nivå.
Kamp om plassen
Steinar har signert ei to-års-kontrakt med Stjørdals-Blink, og er førespegla å verte vurdert på lik linje med ein annan keeper. Dermed er det duka for ein duell fram til seriestart om kven av dei som blir førstekeeper.
- Eg har heile tida følt meg veldig ønska av Blink, og dei verkar å ha stor tru på meg, så eg har trua, seier den positive sisteskansen.
Vi i Surnadal IL ønskjer Steinar masse lykke til i Stjørdals-Blink!