Sondre Ormset ny dagleg leiar i Surnadal Idrettslag

Styret i Surnadal Idrettslag har tilsett Sondre Ormset som ny dagleg leiar i Surnadal IL. Han kjem frå jobb i Kårvatn Handelskompani og Kårvatn Fjellutstyr.

Sondre Ormset%2c profilbilde_550x613
Sondre Ormset er ny dagleg leiar i Surnadal Idrettslag frå 1.12. (Foto: Privat)

Sondre har brei erfaring innan organisasjonsdrift og -utvikling gjennom verv i mellom anna Møre og Romsdal Senterungdom og Surnadal Senterparti. Der har han og bygd seg opp verdifull leiarerfaring.

24 år gamle Ormset, som er frå Surnadal, har og god kjennskap til Surnadal Idrettslag og aktiviteten vår, etter mange år som aktiv i fleire av gruppene våre. Gjennom idrett, jobb og organisasjonsliv har Sondre og opparbeidd seg eit stort nettverk, både i og utanfor Surnadal.

Og Sondre sjølv gler seg til jobben:

– Eg trur dette er ein jobb som kan passe meg veldig godt. Som aktiv i både idrett, lag og organisasjonar i lang tid er dette på mange måtar ein draumejobb. Eg gler meg verkeleg til å ta fatt på jobben, og bli betre kjent med organisasjonen og alle dei dyktige folka som kvar dag legg ned ein stor innsats for idrettslaget.

Sondre har ein bachelorgrad i geografi frå NTNU i Trondheim, og har dei siste åra jobba som seljar i Kårvatn Handelskompani og Kårvatn Fjellutstyr i Todalen.

Han sit i kommunestyret i Surnadal kommune, og tek dermed med seg kunnskap som vil vere nyttig i vidareføringa av det gode samarbeidet idrettslaget har med kommunen.

Styreleiar i Surnadal IL, Vidar Ulvestad, er veldig fornøgd med tilsettinga.

– Sondre er lokalt forankra, er aktiv i idrettsmiljøet, har gode referansar og ein allsidig bakgrunn innan både næringsliv og organisasjonsliv. Vi hadde mange veldig sterke kandidatar til stillinga, men har stor tru på Sondre og er sikre på at vi har fått inn rett mann.

Sondre Ormset er på plass i dagleg leiar-jobben 1. desember, og skal ha kontorplass i idrettslaget sitt klubbhus på Syltøran. Han tek over jobben etter Øystein Hjelle Bondhus, som går til Trollheimsporten. Sondre ser på SIL-jobben som ei spennande utfordring:

– Eg trur det blir ein krevjande jobb, for det er mange ulike meiningar og behov i eit så stort idrettslag, men det er og det som gjer det så spennande. Meiningsbrytning og diskusjonar er viktig for å vere i stadig utvikling. Eg ser fram til å komme i gang med jobben, og håpar mange har gode råd å komme med når vi saman skal utvikle Surnadal IL.

I stillinga som dagleg leiar for Surnadal IL, vil Sondre også fungere som dagleg leiar for fotballgruppa, og i tillegg arbeide aktivt mot dei andre gruppene i laget.

Vi ønskjer Sondre velkommen og lykke til i den nye jobben!

 

For nærare informasjon:

Styreleiar Surnadal Idrettslag: Vidar Ulvestad tlf 906 94 477

Styreleiar fotballgruppa: Ole Joar Bruset tlf 936 32 542

Annonser