Snudde og vann mot Sunndal

Sunndal-Surnadal 1-2 (1-0)

Laurdag tok A-laget turen til Sunndal for å møte dei raudkledde naboane til dyst i det som var den siste treningskampen før seriestart. Øystein Reiten gav heimelaget leiinga tidleg i første omgang, men to mål av Roy Bolme etter pause sørgja for Surnadal-siger nummer to på tre forsøk mot Sunndal i 2014.

IMG_0340
Roy Bolme scora begge Surnadal sine mål mot Sunndal

A-laget i fotball vann i dag 2-1 borte mot naboane frå Sunndal i den siste treningskampen før seriestart 21.4. Vi starta med seks av spelarane som starta cupkampane mot Sunndal og AK, medan førsteårsjunior

Sander Smevoll fekk sin første A-kamp frå start. Juniorlagskapteinen leverte ein god kamp som ein av to djupe midtbanespelarar, og fekk utover i kampen selskap av 1997-kollegane Sven Ranes og Bjarne Madaus. Det gror godt i dei yngre rekkjene i Surnadal! 

Sunndal tok tidleg leiinga 1-0 ved Øystein Reiten, og Ole Sveen sitt mannskap heldt leiinga til pause.

Bolme-dobbel

I starten av andre omgang fekk Surnadal straffe, etter at Håkon Bredesen vart felt. Roy Bolme var sikker frå ellevemetersmerket, og utlikna til 1-1.

Om lag midtvegs i omgangen vann Andreas Dalsegg Sæter ballen inne i Sunndal sitt straffefelt, og fekk sendt ballen vidare til Roy Bolme. Frå om lag to meters hald hadde storscoraren få problem med å sette inn sitt og Surnadal sitt andre mål for dagen, og dermed hadde vi snudd kampen!

Sunndal hadde sine sjansar til å utlikne, men dei unge surnadalingane heldt unna, og sikra seg dermed ein ny siger mot naboane. Dermed har Surnadal vunne to (5-0, 2-1) og Sunndal ein (3-0) av dei tre kampane laga har spelt mot kvarandre i 2014.

Åtte juniorspelarar

Surnadal stilte eit svært ungt lag, med heile åtte juniorspelarar på bana, sju av dei samtidig dei siste 20 minutta før pause. Laget har dei siste vekene fått bekrefta at toppnivået er veldig bra, og i dag viser vi og at vi har ein jamn og god stall, der alle kjem til å bidra positivt både på og utanfor bana i 2014!

Vi takkar Sunndal for kampen, og ønskjer dei lykke til med sesongen!

Neste A-kamp: Serieåpning mot KFK på Syltøran Stadion (hvis klar)/AMFI Park måndag 21. april (2. påskedag). Vel møtt!

 

Kampfakta:

Sunndal-Surnadal 1-2 (1-0)

Sunndal kunstgress, Laurdag 12.4. kl. 15.00.

Mål:

1-0 Øystein Reiten (5.)
1-1 Roy Bolme (str. 57.)
1-2 Roy Bolme (ca. 70.).

Gult kort: Eivind Lervik, Sunndal.

Surnadal frå høgre mot venstre (4-3-3):

Steinar Bæverfjord Ranheim (John Arvid Aamodt 46.) - Lars Mogstad (Bjarne Madaus ca 70.-75.), Vegar Brøske, Ørjan Nes Haugen (Emil Haugen Ansnes 46.), Håkon Bredesen - Sander Smevoll, Andreas Dalsegg Sæter, Trond Blekken (Kaptein) - Dan Blekken, Roy Bolme, Hallvard Næss (Sven Ranes 25. (Trond Resell ca. 70.-75.))


Trykk her for å lese Tidens Krav si sak om kampen.

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva