Hei og God Jul
Det er uvant for meg å skulle skrive noko så nymotens som blogg. Eg må vel berre innrømme at eg ikkje heilt veit kva det er. Men eg går ut frå at det i alle fall skal handle om handball.
Som leiar av styret i handballgruppa på 3. året (det bør bli ny kost neste år) er det lett å vere i god stemning i dag, søndag 17.desember. Noreg er europameistrar, og Surnadal har vunne alle kampane sine denne helga. Spesielt artig er det at D3 har begynt klatringa på tabellen. I helga vart det siger både i Braatthallen og Frænahallen. Eg har sett litt på terminlista og nøkternt optimistisk funne ut at damelaget vil ende opp med mellom 25 og 30 poeng når sesongen er ferdig. Det skulle halde til ein plass midt på eller litt over midten på tabellen.
Ser ein på tabellane i dei seriane Surnadal har lag, vil ein oppdage at vi går inn i jula med J12 på delt førsteplass (med Lensvik som har fleire dispensasjonsspelarar), at J14I har vunne alle kampane sine og toppar tabellen klart medan J14II ligg godt plassert i same avdelinga, og at J16 (rett nok med bruk av dispensasjonsspelarar i ein del kampar) ligg på topp i avdelinga si.
9- og 10 åringane har nyleg deltatt i den første aktivitetsseriehelga for sesongen. Den vart arrangert i Surnadal idrettshall. Vi har trenarar for aldersbestemte lag som er i gang med kursing, etter absolutt prisverdig initiativ frå trenarhald . Og ikkje minst gledeleg: Vi har ca 15 gutar i 12-årsalderen som vil starte opp så snart vi klarar å skaffe dei ein trenar. Det er altså mykje positivt som skjer på handballfronten.
Vi har mange som gjer ein stor innsats på ulike nivå og område. Det betyr ikkje at vi ikkje treng fleire; eg vil oppfordre til deltaking både i styre og stell, på dugnadsarbeid av forskjellig art, og sjølvsagt til å bli med og trene og spele; både nye og ”gamle” spelarar er velkomne.
Det vart kanskje lite provoserande bloggaktig dette, men det er snart jul og stemninga er god. Viss nokon saknar skarpe synspunkt og sterke sym- og antipatiar, kan dei ta kontakt med meg ein annan gong når eg er i dårlegare humør. Det hender.
God jul igjen!