Det har vore ein sesong med mykje jubel for A-laget til Surnadal. Det starta bra med 5-0 over Sunndal og 4-0 over AK i kvalifiseringa til NM, og belønninga var storkamp mot seriemeister og cupfinalist Molde i 1. runde.
I serien har laget vunne 15 kampar, spelt to uavgjorte og tapt fire, og av dei 15 trepoengarane finn ein mellom anna 8-0 over Elnesvågen, 8-0 over Vestnes Varfjell, 6-1 over Åndalsnes, 5-1 og 3-2 over Eidsvåg og ikkje minst 5-1 borte mot KFK, som vann serien.
Det har ikkje vore langt mellom høgdepunkta i 2014, ein sesong som inneheldt heile sju seirar på bortebane - to fleire enn vi hadde til saman i sesongane 2011, 2012 og 2013. Barrierar har vorte brotne, kameratskap har vorte styrka og det unge laget vårt har tydeleg kosa seg på fotballbana under Webjørn Holten sitt gode og trygge leiarskap.
No er det berre ein kamp som står att, og den går av stabelen heime mot Molde 3 fredag 10.10. kl. 19.00. Kampen vert spelt på Amfi Park.
Enkel forsking viser at vi med seier sikrar andreplassen, ettersom vi no ligg eitt poeng framfor Dahle, som møter CFK/KBK 3 på heimebane i sin siste kamp. Både Molde 3 og CFK/KBK 3 kjempar for å unngå nedrykk, og det er difor ikkje godt å vite kva mannskap laga stiller med og kor mykje dei mobiliserer.
Uansett er vi førebudde på å avslutte sesongen med stil, og det har vi lyst til å gjere saman med vårt trufaste publikum. Ta med deg ei tante, ein bestefar, ein kompis eller ein kjærast - og ta turen til Syltøran på fredag.
For ingen ved sine fulle fem vil vel velje taco og "Gullrekka" framfor vaflar, kaffi og den verkelege Gullrekka?
Vel møtt!