verveflyer

SIL frir til folket

Vi i Surnadal Idrettslag ønskjer å auke medlemstalet vårt, og arrangerer storstilt medlemsvervekampanje komande helg.

I helga kan du få besøk av idrettslade ildsjeler, når Surnadal Idrettslag (SIL) går dør til dør i bygda for å verve medlemmar. Representantar frå alle dei 11 idrettane i SIL deltek i aksjonen.

Surnadal IL hadde ved årsskiftet 1084 medlemmer, og dette er eit tal vi har som mål å auke. Idrettslaget tilbyr gjennom aktiviteten sin noko for folk i alle aldrar, uavhengig av fysisk form. Tilbodet strekkjer seg frå barneidrett for dei aller yngste til trimpostar og Old Boys-fotball for dei litt mindre unge.

Om folk har eit hjerte som bankar for fotball, langrenn, handball eller alpint - er idrett, idrettsglede og idrettslaget sterkt medverkande til å skape felles identitet i lokalsamfunnet vi alle er ein del av.

Vil du delta aktivt, eller rett og slett berre støtte oss i det viktige arbeidet vårt - Vi ønskjer deg uansett velkommen som medlem! Surnadal IL håpar difor på god oppslutning rundt vervekampanjen i helga.

I tillegg til dør-til-dør-aksjonen kjem SIL til å vere på plass for å verve medlemmar i Amfi-senteret laurdag. Her kan folk treffe oss utanfor Johansen bakeri frå klokka 11 og nokre timar utover.

Alle som melder seg inn i idrettslaget som ein del av helgas kampanje er med i trekninga av flotte Surnadal IL-effektar, som til dømes 100-års-jubileumsboka og pikéskjorter med SIL-logo.

 

For meir informasjon, kontakt:

Dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus, tlf. 926 98 080.

Annonser

Pipelife

Svorka AS

GjensidigeDriva