Seks SIL-spelarar på kretssamling i helga

Heile seks SIL-spelarar tok turen til Frei då kretslaga til J00 og G00 møtte utfordrargruppene til J99 og G99 i helga!

J99 utfordrertropp og J00 kretslag
Trude Gjørsvik, Gine Fugelsøy (begge J99), Ane Mogstad og Malin Einmo (begge J00) var med då utfordrartroppen til J99 møtte J00-kretslaget i helga. Biletet er lånt frå Nordmøre og Romsdal fotballkrets.
Tor Inge Polden og Martin Lundemo Aakvik
Tor Inge Polden (t.v.) og Martin Lundemo Aakvik under samlinga på Frei laurdag. (Foto: Terje Polden)

Laurdag 29.3. var det stor kretslagaktivitet på Omsundet kunstgress på Frei, og Surnadal IL var godt representert med seks uttekne spelarar.

For J99 var det utfordrartroppen, altså spelarar som har vore tett oppunder kretslaget tidlegare, som møtte kretslaget til J00. Her hadde SIL med Trude Gjørsvik, Gine Fugelsøy (begge J99), Ane Mogstad og Malin Einmo (begge J00). Kampen enda 3-2 til J99-laget.

På gutesida var G99 ei blanding av spelarar som tidlegare har vore med på kretslagssamlingar, samt spelarar frå utfordrartroppen. Dei spelte mot G00-kretslaget, der Martin Lundemo Aakvik og Tor Inge Polden frå Surnadal IL spelar. Her vart 99-gutane nokre hakk for store, bokstaveleg tala, og vann to av dei tre 30-minuttsomgangane som vart spelt.

Trykk her for å sjå heile uttaket.

 

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva