Russisk pangstart onsdag

Iuliia Budaleeva og Stanislav Chokhlaev vann kvar si klasse i skiskyting for synshemma under verdenscupveka onsdag.

DSC_5839
Stanislav Chokhlaev og guide Evgenii Fatkhullin vann 7,5 km skiskyting for synshemma tysdag (Foto: Nathan Lediard / Lediard Foto AS).
DSC_4494
Iuliia Budaleeva og guide Tatiana Maltseva tok sin andre seier på to dagar då dei tysdag vann kvinenne sin 6 km skiskyting for synshemma. (Foto: Nathan Lediard / Lediard Foto AS)

Det vart russisk jubel på Nordmarka i morgontimane tysdag.

Først gjekk Iuliia Budaleeva og guide Tatiana Maltseva inn til seier på kvinnene sin 6 km skiskyting for synshemma, med tida 17.22,3. Det var Budaleeva sin andre seier på to dagar i Surnadal.

Oksana Shyshkova og guide Lada Nesterenko frå Ukraina vart nummer to med 17.33,8, framfor lagvenninna Olga Prylutska og guide Borys Babar, som tok tredjeplassen med 17.35,1.

Litt seinare sørgja gårsdagens sølvvinnar frå langrenn, Stanislav Chokhlaev, for dagens andre russiske gull av to mulege.

Løpet utvikla seg til ein sekundstrid mellom Chokhlaev og ukrainske Anatolii Kovalevskyi (guide Oleksandr Mukshyn), men til slutt vart det russaren som saman med guide Evgenii Fatkhullin trakk det lengste strået, trass ein bom på andre skyting.

Chokhlaev fullførte på 19.04,1, medan Kovalevskyi klokka inn halvsekundet seinare, 19.04,6. Verdscupleiar Nikolay Polukhin og guide Andrey Tokarev tok tredjeplassen med tida 19.16,0.

Annonser