fotball med flyktningene

Populært fotballtiltak

Med eit snitt på over 15 deltakarar per trening har Surnadal IL sitt fotballtilbod for og med flyktningane i bygda vist seg å vere svært populært (Foto: Jon Magne Helgetun).

Kvar onsdag og enkelte måndagar held SIL fotballtrening for og med flyktningane i bygda, med over 15 deltakarar i snitt på kvar trening!

På treningane sørgjer fotballentusiastar frå Somalia, Eritrea og Surnadal for å fylle idrettshallen med idrettsglede, og øktene er alltid prega av god stemning og fin fotball.  

Onsdag fekk flyktningane kvar si SIL Fotball-lue, som takk for det som har vore ein fantastisk triveleg haust. 

Dei to neste onsdagane er julaftan og nyttårsaftan, men etter det kjem vi sterkt tilbake! Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus på ohb@surnadalil.no, eller følg med på Facebook-sida til Surnadal IL Foball for oppdateringar om eventuelle økter i romjula.

 

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva