Oksana Masters til topps i første renn

12 km sit-ski for kvinner enda med seier til Oksana Masters (USA), med heimehåpet Mariann Marthinsen og russiske Natalia Kocherova på plassane bak.

DSC_6229
The medalists at the prize giving ceremony. Mariann Marthinsen, Norway (left, Silver), Oksana Masters, USA (Gold), Natalia Kocherova, Russia (right, bronze) (Photo: Nathan Lediard / Lediard Foto AS)
DSC_3531
Mariann Marthinsen finished second. (Photo: Nathan Lediard / Lediard Foto AS)

Verdenscupleiar Oksana Masters frå USA trakk det lengste strået då verdenscupveka starta med 12 km sittande for kvinner tysdag. 

Masters var i føringa heile løpet, og i mål var ho 52,8 sekund framfor norske Mariann Marthinsen på andreplass. Natalia Kocherova (Russland) tok tredjeplassen, 2.29,7 bak vinnaren.

- Overraskande bra

- Løpet gjekk overraskande bra for min del, og det var veldig artig å gå, sa Masters til mediekomiteen etter rennet.

Med seieren auka Masters samanlagtleiinga i verdenscupen før siste renn på laurdag, men ho er klar på at ingenting er avgjort.

- Alt kan framleis skje, Mariann ligg ikkje langt bak. Vi har framleis eitt langrenn att, så vi får sjå korleis det går. Eg berre storkosar meg med i løypene her, det er heilt fantastisk, seier Masters.

- Fantastisk publikum

Mariann Marthinsen, som tok gull i 1 km sprint under Paralympics i Sotsji og ligg på andreplass i verdenscupen samanlagt, vart nummer to tysdag. Sjølv om ho gjerne skulle vore nærare Masters enn 52,8 sekund, er ho veldig fornøgd med arrangementet så langt.

- Det var eit tøft løp i dag, men det er utruleg fine omgivnader her, og gode, veldig spennande trasear. I tillegg er det eit fantastisk publikum her. Vi er ikkje vante til å ha slikt publikum, og det tykkjer eg verkeleg alle utøvarane her fortener. Og det set vi veldig stor pris på, seier Marthinsen.

- Mangla det ekstra giret

- Sjølvsagt er det litt surt å komme såpass langt bak Oksana, men eg trur eg kjenner det litt etter førre veke, då eg gjekk tre renn under Ridderrennet.

Marthinsen gjekk 20 km så seint som på laurdag.

- Eg trur eg kjenner det litt, for eg hadde ikkje det ekstra giret i dag. Eg håpar det er på plass til laurdag, og då har Masters litt fleire løp i kroppen og.

Vanlegvis brukar den amerikanske jenta å starte best, medan Marthinsen avsluttar sterkast. 

- Det eg slik det brukar å vere, ja. Eg brukar å vere veldig rå på slutten, men i dag følte eg at gjekk jamt, men utan noko stigning på slutten, fortel Marthinsen til surnadalil.no.

Annonser