Nytt styre i fotballgruppa

Under fotballgruppa sitt årsmøte for 2015, som vart arrangert på Syltøran i går, kom to nye fjes inn i styret i SIL Fotball.

Årsmøtet til SIL Fotball vart gjennomført tysdag 15.12., og under saka "Valg" vart det mellom anna valt nytt styre. 

Erling Fiske (leiar), Kirsten Jordet (arrangement), Dan Blekken (senior herre), Asbjørn Saltrø (senior herre) og Olav Smevoll (Sportsleg leiar) var på val. I tråd med valkomiteen si innstilling held Fiske og Jordet fram i styret, Blekken og Saltrø trer av, medan Smevoll gjer det same grunna sin nye rolle som A-lagstrenar.

På førre styremøte vart det bestemt at dei to styreposisjonane senior herre og senior dame frå og med årsmøtet skulle slåast saman til ein. På årsmøtet vart Jon Magne Helgetun, for mange eit kjent fjes som lagleiar for G19, valt til å ta denne rolla dei to neste åra.

I og med at Olav Smevoll tek over A-lagstrenarjobben gjev han seg som sportsleg leiar, og denne rolla tek Ivar Næss i 2016. Næss var ikkje på val tysdag.

Halvard Fjeldvær er og ny i styret frå og med årsmøtet, og Fjeldvær får ansvar for marknad og økonomi dei to neste åra.

På eit styremøte rett etter årsmøtet vart Ivar Næss valt til nestleiar i styret.

Vi vil ønskje Jon Magne og Halvard velkommen inn i styret, og samtidig takke Olav, Asbjørn og Dan for flott innsats!

Styret i Surnadal IL Fotball for 2016 ser slik ut:

Leiar: Erling Fiske (2016)
Nestleiar/sportsleg leiar: Ivar Næss (2016)
Anlegg: Håvard Stensønes (2016)
Arrangement: Kirsten Jordet (2016/17)
BUA: Annett Ranes (2016) ​
Senior: Jon Magne Helgetun (NY - 2016/17)
Marknad/økonomi: Halvard Fjeldvær (NY - 2016/17)


Vi er sikre på at dette er eit sterkt og dyktig styre som vil bidra til at Surnadal IL Fotball held fram den positive utviklinga!

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva