Nye spelarar til A-laget

Både kjente og nye fjes klare for A-laget for herrer.

Det er med stor glede vi kan annonsere to nysigneringar og to comeback på herrelaget vårt, som er i full gang med førebuingane til 2017-sesongen i 4. divisjon.

Petros Simon Bokre (27) og Hallvard Næss (23) har signert for SIL, medan Felix Hoem (24) gjer comeback. I tillegg er assistenttrenar Stein Todalshaug med for fullt som spelar igjen.

To spelarar signert

Petros Simon Bokre kjem frå Eritrea, og kom flyttande til Surnadal i november i fjor. I romjula imponerte han stort for Surna Stars i Romjulscupen, og etter ei trening med B-laget på nyåret vart det fort klart at A-laget var neste stopp. Han har tidlegare spelt for Red Sea FC, som har vunne serien i Eritrea dei seks siste åra. Overgangen til SIL er allereie i boks.

Trenar Knut Ola Høvik er godt fornøgd med signeringa, og ser for seg den fotrappe nykommaren i ei rolle på midtbana:

- Petros er veldig god med ballen, og har bra overblikk og speleforståing. Han har ein del ting som få i 4. divisjon har, rett og slett, og det blir kjempespennande å følgje han vidare.

Hallvard Næss spelte for Surnadal i 4. divisjon i 2014, og er no tilbake i blått etter to sesongar i Rindal IL. I 2014 noterte Næss seg for to mål, mot Eidsvåg og Elnesvågen, samt tre assists, på 16 kampar. Han er i første rekkje aktuell for ein kantrolle.

- Hallvard har noko alle fotballag treng. Han er giftig framfor mål og veldig uforutsigbar og god ein mot ein. I tillegg er han ein type som kjem til å bidra med speleglede og godt humør, seier trenar Høvik.

Hoem og Todalshaug gjer comeback

Som om dei to nysigneringane ikkje var nok, så har og Felix Hoem valt å gjere comeback for A-laget. Hoem var i A-stallen i 2011 og 2012, og står bokført med seks A-kampar (det reelle talet er nok ein del høgare på grunn av at vi manglar statistikk frå ein del kampar i 2011) frå før. Hoem har dei siste åra spelt for Søya, men meldte overgang tilbake til Surnadal for å spele på B-laget i 2016. Der var han bunnsolid, og er no tilbake i A-stallen, der han høyrer heime.

- Felix er ein kjempespennande midtstoppar, fordi han har ein unik fysikk, tek ansvar og fordi han berre blir betre og betre jo fleire treningar han får. I tillegg les han spelet bra, og er ein spelar med stort potensial, seier Høvik.

Som vi avslørte allereie då det blei klart at Knut Ola Høvik og Stein Todalshaug tek over trenaransvaret for A-laget, skal Stein sjølv vere med for fullt som spelar i 2017. Så her har vi i realiteten fire nye, solide spelarar på plass, og det er slett ikkje utenkeleg at det blir fleire!

Vi ønskjer Petros velkommen til Surnadal IL, og Hallvard, Felix og Stein velkommen tilbake!

knut ola,petros,hallvard,felix og stein.jpg

F.v.: Trenar Knut Ola Høvik, Petros Simon Bokre, Hallvard Næss, Felix Hoem og spelande hjelpetrenar Stein Todalshaug.

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva