Det er med stor glede vi kan meddele at Terje Polden er ny trenarkoordinator i Surnadal IL Fotball.
Polden er godt kjent i fotballmiljøet i SIL, kanskje aller mest gjennom sin mangeårige innsats som lagleiar for G2000.
I tillegg har han vore med på trenarsida på J2005, og i 2015 gjekk han og inn i rolla som SIL Fotball sin kontaktperson opp mot NEAS Akademiet.
- Gler meg til å bidra
I 2015 gjorde han og comeback som spelar, og var aktiv i 6. divisjon for klubben sitt B-lag. Det er altså ein mann med god kjennskap til dei aller fleste rollane i- og delane av SIL Fotball som no skal vere med og utvikle klubben vidare.
- Eg gler meg til å bidra til eit trenarfellesskap i klubben. Gjennom jobben vil eg vere med på å skape ein kvardag der trenarar har nokon å diskutere med, og dermed fjerne kjensla av at dei er åleine om trenargjerninga, seier han.
Ser fram til tett samarbeid
Til dagleg jobbar Terje i Amfi Kreativ, som leiar for Amfi Butikk, og han har sjølv tre ungar som spelar fotball i SIL.
39-åringen, som tek over trenarkoordinatorstillinga etter Håkon Solem, fortel at han ser fram til å samarbeide tett med andre som brenn for fotballen i Surnadal IL:
- Eg har veldig stor respekt for alle som brukar fritida si på Syltøran.
Vi takkar Håkon for innsatsen hausten 2014 og i 2015, og ønskjer Terje hjerteleg velkomen i jobben som trenarkoordinator!