Etter 5-0 borte mot Dahle i første kvalifiseringsrunde til NM, skal Surnadal sitt A-lag no møte nabo og divisjonskollega Sunndal i det som er det siste hinderet før 1. runde i NM.
Kampen vert spelt på Amfi Park måndag 6.4., andre påskedag, og avspark er kl. 15.00.
Rykta vil ha det til at det vert sett opp buss frå Sunndalsøra, så her er det viktig at surnadalingane stiller i hopetal for å vinne kampen på tribuna.
Vinnaren av denne kampen, 2. kvalifiseringsrunde til NM, er altså klare for første ordinære runde av NM, der vi i fjor var så heldige at vi fekk møte Molde FK.
Så ta turen til Amfi Park og hei karane våre fram til seier!
Billettpris: 100/50.