sunndalsurnadal

Møter Sunndal i cupkvalik

Det er no klart at Surnadal møter naborivalane Sunndal i første kvalifiseringsrunde i NM.

A-laget er sett opp heime mot Sunndal i første kvalikrunde i cupen. Det vart klart då NFF i dag offentleggjorde dei 94 kampane som utgjer 188 3.- og 4. divisjonslag sitt første hinder på vegen til Ullevål. 

I ein sesong der vi ikkje får lokaloppgjer mot sunndalingane i serien kan vi altså likevel gle oss til å møte raudtrøyene i obligatorisk kamp. Cupkampen er beramma til laurdag 22. mars kl. 15.00, men vi tek atterhald om at kampen kan bli flytta dersom laga ønskjer det.

Det andre nordmørsoppgjeret i den første kvalifiseringsrunden er Averøykameratene-Eidsvåg.

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva