Mange på tur til Høgberget

"Ut på tur" 8. september

Turen vart kjempefin til tross for ganske ufyseleg ver rett før turen starta, og mange var med til Høgberget torsdag ettermiddag.

  1 / 13 
 
 
 


Det hadde regna tett denne ettermiddagen men det fall ikkje ein regndrope den tida barn og unge gjekk opp gjennom skogen Godt og vel 40 barn og vaksne tok turen til denne fine utsiktsplassen i lia over Heggset. Frå rasteplassen på Høgberget kan ein sjå vidt utover, frå Skei og utover heile bygda og ut utover fjorden.

Også denne torsdagen var det satt opp natursti, og barna gjekk lett oppover i leiting etter postane.For mange var det første gongen dei var her, men forhåpentlegvis ikkje siste.

 Sjå bildeserien frå turen:

 

Annonser