Målkalas då A-laget slo Elnesvågen

Elnesvågen-Surnadal 3-6 (2-3)

I årets siste bortekamp vart det 6-3-seier til A-laget over Elnesvågen, etter tre mål av Roy Bolme, to av Bjørnar Dalsegg Sæter og eitt av Trond Resell.

Surnadal-IL-fotball-024
Toppscorar Bjørnar Dalsegg Sæter scora to mot Elnesvågen. Angriparen har no scora 35 mål i år - 31 i serien og fire i cupen.
Surnadal-IL-fotball-052
Trond Resell kom inn ved pause, og sørgja for eitt mål og to assists. 5-2-målet var Resell si andre scoring for sesongen.
Surnadal-IL-fotball-087
Roy Bolme noterte seg for hat-trick mot Elnesvågen, og har no scora 23 mål i år - 22 av dei i serien.
Surnadal-IL-fotball-122-web
Verdens beste A-lag

Det vart som vanleg målrikt då Surnadal og Elnesvågen møttes til dyst, denne gongen på Elnesvågen stadion. Surnadal vann 8-0 i det omvendte oppgjeret i vår, og også på bortebane enda det med tre poeng til SIL.

Etter fem minutt fekk Roy Bolme ballen på venstresida, og etter å ha dratt av eit par mann sender han nede til venstre i målet. Seriemål nummer 20 for Bolme, og 1-0 til Surnadal.

Elnesvågen er gode framover, og utlikna etter 17 minutt. Deretter følgde snaue 20 mållause minutt før kampen eksploderte.

Etter 35 minutt fekk toppscorar Bjørnar Dalsegg Sæter ballen frå lillebror Andreas, og sette inn sitt 30. ligamål for sesongen. Det stod dermed 2-1 til oss. Dessverre utlikna Elnesvågen berre tre minutt seinare, utan at hardarbeidande surnadalingar hadde tenkt å gje seg.

Dan Blekken fann Roy Bolme etter 41 minutt, og den notoriske måljegeren sørgja for at Surnadal gjekk til pause med 3-2-leiing. Med assist på det tredje målet vårt er yngstebror Blekken oppe i heile 15 målgjevande pasningar i 2014-sesongen. Det er klart flest på laget.

Bjørnar og Roy i fyr og flamme

Rett før pause vart dessverre Sven Ranes skadd med det som kunne verke som eit muleg kragebeinsbrot. Vi kryssar fingrane for at det går bra med den svært lovande førsteårsjunioren, som har storspelt både for A- og juniorlag denne hausten. 

63 minutt var spelt då Surnadal varta opp med eit vakkert angrep, som Bjørnar Dalsegg Sæter fekk æra av å avslutte. 4-2 til oss. Berre to minutt seinare var innbytar Trond Resell på farten, og lynvingen sørgja for at det stod 2-5 på måltavla. Flaks at vi var bortelaget! Resell hadde i tillegg målgjevande pasning både på 4-2 og 6-3.

Heimelaget fekk ei redusering etter 77 minutt, men det var ikkje lenger noko tvil om kvar poenga skulle havne. Berre to minutt seinare sette nemleg Roy Bolme sin tredje spiker i Elnesvågen-kista, og dermed kunne vi juble for ein fortent 6-3-seier. Den giftige duoen Bolme og Dalsegg Sæter har no scora til saman 58 mål denne sesongen!

Tok tilbake andreplassen

Samtidig kom det om lag ved pause meldingar om at Midsund slo Dahle 4-1 på heimebane, og dermed er vi igjen oppe på andreplass. Kristiansund FK sikra opprykket til 3. divisjon med seier over Frei fredag (Vi gratulerer KFK med eit fortent opprykk!), men andreplassen er viktig, ettersom det mest truleg er den siste plassen som gjev deltaking i cupen sesongen 2015.

Etter seieren over Elnesvågen, og med Dahle-tap borte mot Midsund, er vi eitt poeng framfor Jan Roger Angvik sitt mannskap før siste serierunde. Då møter vi Molde 3 på heimebane (fredag 10.10. kl. 19.00), og vi kan altså med seier der sikre andreplassen. Møt opp og støtt laget i jakta på tre nye poeng!

Sju juniorar frå start

Vi har dei siste sesongane teke få poeng på bortebane, og dette har det vore jobba godt for å få til å snu. Med fasiten i handa kan vi seie at vi har klart det - for dei harde fakta viser at vi har vunne sju kampar, spelt to uavgjort og tapt berre to kampar (Frei og Dahle) på bortebane denne sesongen. Vi har no åtte bortekampar på rad utan tap, og har slått både seriemeister KFK og Eidsvåg borte. Det står det respekt av, karar!

I tillegg er det svært postivt å sjå at vi mot Elnesvågen, som mot Eidsvåg sist, starta med heile sju juniorspelarar på bana. Av desse var to førsteårsjuniorar (Sven Ranes og Sander Smevoll), tre andreårsjuniorar (Steinar Ranheim, Lars Mogstad og Ørjan Nes Haugen) og to sisteårsjuniorar (Vegar Brøske og Andreas Dalsegg Sæter).

I tillegg kom førsteårsjunior Bjarne Madaus og sisteårsjunior Snorre Larsen (heime på perm frå militæret) inn frå benken, slik at heile ni juniorar fekk speletid mot Elnesvågen. Det lovar godt for fortsettinga!

Trykk her for å sjå tabellen.

Kampfakta:

Elnesvågen-Surnadal 3-6 (2-3)

Mål:

0-1 Roy Bolme (5.) (Assist Steinar Bæverfjord Ranheim)
1-1 (17.)
1-2 Bjørnar Dalsegg Sæter (Assist Andreas Dalsegg Sæter)
2-2 (38.)
2-3 Roy Bolme (41.) (Assist Dan Blekken)
2-4 Bjørnar Dalsegg Sæter (63.) (Assist Trond Resell)
2-5 Trond Resell (65.) (Assist Bjørnar Dalsegg Sæter)
3-5 (77.)
3-6 Roy Bolme (79.) (Assist Trond Resell)

Laget frå høgre mot venstre (4-3-3):

Steinar Bæverfjord Ranheim - Lars Mogstad, Vegar Brøske (Snorre Larsen 34.), Ørjan Nes Haugen, Håkon Bredesen - Dan Blekken (Andreas Dalsegg Sæter 87.), Andreas Dalsegg Sæter (Bjarne Madaus 77.), Sven Ranes (Trond Resell 46.) - Sander Smevoll (Hallvard Næss 58.), Roy Bolme, Bjørnar Dalsegg Sæter.

Ubenytta innbytar: John Arvid Aamodt.
 

Alle foto: Nathan Lediard/Lediard Foto.

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva