Tomålsscorar Stein Todalshaug

Klare for 1. runde i cupen!

Surnadal-Averøykameratene 4-0 etter ekstraomg. (0-0 etter 90 min)

Det vart jamt og tett då det hardtsatsande 3. divisjonslaget Averøykameratene (AK) tok turen til AMFI Park laurdag 5.4. Etter 90 minutt stod det 0-0, og dermed måtte det ekstraomgangar til for å skilje laga. Der skilte det mykje, og 2x15 minutt seinare kunne SIL juble for ein siger som til slutt vart så klar som 4-0. Dermed er vi klare for 1.runde i NM, der lag som Molde, Kristiansund BK og Rosenborg kjem inn i turneringa. Måla vart scora av Stein Todalshaug (2), Dan Blekken og Roy Bolme.

Kampfakta:

Surnadal-Averøykameratene 4-0 eeo. (0-0 ved full tid)

AMFI Park, laurdag 5.4. kl. 15.00.
100 betalande tilskodarar.

Mål:

1-0 Stein Todalshaug (92.) (Assist Andreas Dalsegg Sæter)
2-0 Dan Blekken (113.) (Assist Snorre Larsen)
3-0 Roy Bolme (118.) (Assist Stein Todalshaug)
4-0 Stein Todalshaug (120.) (Assist Dan Blekken)

Gult kort: Trond Blekken, Surnadal. Eitt til AK.

Surnadal frå høgre mot venstre (4-3-3):

Steinar Bæverfjord Ranheim - Lars Mogstad, Emil Haugen Ansnes, Ørjan Nes Haugen, Simen Einmo Engdal (Håkon Bredesen 90.) - Snorre Larsen, Stein Todalshaug, Trond Blekken (Kaptein) (Vegar Brøske 116.) - Dan Blekken, Bjørnar Dalsegg Sæter (Roy Bolme 101.), Andreas Dalsegg Sæter.

Her kan du lese kva lokalpressa skriv om kampen:

Driva

Tidens Krav

Trollheimsporten

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva