Det er klart at Knut Ola Høvik blir hovudtrenar for Surnadal IL Fotball sitt herrelag i 4. divisjon sesongen 2017.
– Dette blir veldig spennande. Det å få mulegheita til å skape noko eige, og ikkje minst til å utvikle dei mange talentfulle unggutane våre vidare, er noko som triggar meg, seier Høvik.
24-åringen er ein leiartype av natur, og mellom anna var han kaptein for fjorårets A-motstandar Fjøra då han studerte i Sogndal.
Med seg som hjelpetrenar får Høvik ein annan rutinert SIL-gutt: Stein Todalshaug.
– Å vere trenar blir ei ny og spennande utfordring for meg, og eg gler meg veldig, seier Todalshaug.
Til saman har dei to over 300 A-kampar, og har difor svært god kjennskap til både klubben og laget dei no skal trene. Stein kjem til å bidra som spelar for laget han har vorte kåra til Årets spelar for to gonger, medan Knut Ola legg skoa på hylla.
Sportsleg leiar i Surnadal IL Fotball, Ivar Næss, er svært fornøgd med trenarløysinga:
– I Knut Ola har vi fått på plass ein person som trass sin unge alder har mykje fotballerfaring. Vi trur han har stort potensial som leiar, og han er ein samlande person som kan bidra til at vi får eit best muleg fotballag i bygda, seier Næss, og held fram:
– Stein er kjempemotivert for oppgåva, og har gjennom heile tilsettingsprosessen vist eit engasjement og en voldsom fotballkunnskap som vi gler oss veldig til å nyte godt av.
Surnadal IL Fotball ser fram til å sjå to av Indre Nordmøres beste fotballspelarar dei siste åra i trenarrolla, og er glade for at dei har takka ja til å leie A-laget vårt vidare.