Herrelaget tapte 3-6 borte mot Sunndal

Jamn kamp enda med tremålstap mot Sunndal.

Surnadal-IL-fotball-024
Bjørnar Dalsegg Sæter brukte 19 minutt på å opne målkontoen for 2015 (Foto: Nathan Lediard, Lediard Foto).
Surnadal-IL-fotball-026
Andreas Dalsegg Sæter utlikna til 2-2 på nydeleg vis (Foto: Nathan Lediard, Lediard Foto).
Surnadal-IL-fotball-082
Stein Todalshaug ga Surnadal leiinga 3-2 få minutt før pause (Foto: Nathan Lediard, Lediard Foto).

Herrelaget i fotball opna laurdag sesongoppkøyringa med bortekamp mot Sunndal. Heimelaget tok raskt leiinga 2-0 etter eit langskot og eit straffespark, men Surnadal slo hardt tilbake.

Bjørnar Dalsegg Sæter scora 35 mål på 25 obligatoriske kampar i 2014, og det tok 19 minutt før han opna scoringskontoen for 2015. Veslebror Andreas utlikna deretter til 2-2 då han sette ballen i krysset frå om lag 20 meter, medan Stein Todalshaug gjorde snuoperasjonen komplett då han scora Surnadal sitt tredje mål etter 42 minutt.

Surnadal dominerte siste halvdel av omgangen, og viste mykje bra spel til at kalenderen framleis viser januar.

- Flatterande resultat

Dessverre utlikna Sunndal på eit langskot like før pause, slik at stillinga etter første omgang var 3-3.

Fem minutt ut i den andre omgangen tok Sunndal leiinga 4-3 etter ein corner, og denne gongen klarte ikkje Surnadal å svare. To raske mål i 79. og 83. minutt sørgja for at kampen enda 6-3 til raudtrøyene, noko til og med Sunndal-trenar Rune Ledal meinte var i overkant:

- Surnadal var nok best før pause, medan det var jamnare etter kvilen. Det var nok litt flatterande at vi vann med tre mål, uttalte Ledal til Tidens Krav. Sunndal sine mål vart scora av Eivind Lervik, Sander Grimelid, Sindre Sæther Ulfsnes, Jo Berset Bøklep, Andreas Hustad og Jonny Vedal. 

Tre debutantar

Surnadal slapp til tre debutantar i løpet av kampen. Førsteårsjunior-keeper Olav With Aasgård, andreårsjunior Simen Brøske og siste års gutespelar Ingebrigt Løfaldli fekk nemleg alle sin første kamp for A-laget, og også resten av laget var ungt - faktisk var Stein Todalshaug den einaste Surnadal-spelaren fødd på 1980-talet! Surnadal opna og sesongoppkøyringa i fjor med tremålstap mot Sunndal, men enda seinare opp med å slå naborivalane i begge dei to andre møta i 2014 (5-0 i cupen og 2-1 i treningskamp).

- Vi fekk brukt mange spelarar, som alle gjorde ein god figur. I tillegg har vi sju-åtte til, som er med på å komplettere laget betrakteleg, seier Surnadal-trenar Webjørn Holten.


Sunndal-Surnadal 6-3 (3-3)

1-0 (5.)
2-0 (str. 10.)
2-1 Bjørnar Dalsegg Sæter (19.)
2-2 Andreas Dalsegg Sæter (32.)
2-3 Stein Todalshaug (42.)
3-3 (44.)
4-3 (50.)
5-3 (79.)
6-3 (83.)

Laget:

Olav With Aasgård - Lars Mogstad, Vegar Brøske, Ørjan Nes Haugen, Petter Eidsli - Andreas Dalsegg Sæter, Stein Todalshaug, Sven Ranes - Sander Smevoll, Bjørnar Dalsegg Sæter, Ola Heggset (prøvespelar frå IL Søya).

Byter:

55. min: Bjarne Madaus inn for Vegar Brøske
55. min: Ola Øyen Saltrø inn for Petter Eidsli
76. min: Nils Arne Røen inn for Ola Heggset
79. min: Simen Brøske inn for Sven Ranes
83. min: Ingebrigt Løfaldli inn for Andreas Dalsegg Sæter

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva