Surnadal deltok med to lag i årets Hydro Cup - G12 og G14. Førstnemnde var i gruppe med Oppdal 2, Sunndal 2, Aksla 2, Blindheim 2 og Flatås 2. Sidan 12-åringane framleis høyrer til barnefotballen vart det ikkje sett opp nokon tabell her.
Det vart det i G14-klassa, og Surnadal starta bra, med 3-0-siger over Molde, etter mål av Martin Lundemo Aakvik (2) og Sindre Hyldbakk Kvande. Dagen etter vann laget 2-0 over Orkla etter to nye scoringar av Martin Lundemo Aakvik, og dermed vann SIL gruppa si med full pott på to kampar.
I semifinalen var Orkanger motstandar. Ole Snekvik sendte Surnadal i føringa, men sør-trøndarane utlikna raskt. Ved pause var laga like langt, men like etter kvilen avgjorde Martin Lundemo Aakvik kampen i Surnadal sin favør - 2-1!
Træff, som nyleg slo Surnadal 3-2 på Syltøran, var motstandarar i finalen. Det var dermed ein revansjelysten gjeng som gjekk på bana, og det skulle ende godt for våre gutar.
Surnadal fekk eit mål annullert på stillinga 0-0, men heilt i starten av andre omgang sette toppscorar Lundemo Aakvik inn 1-0 på straffespark. Fleire mål vart det ikkje i kampen, og Surnadal G14 sikra dermed den andre Surnadal IL-pokalen i Hydro Cup-historia - den første kom ved G16 i 1991!
Vi gratulerer!
Her finn du alle resultata frå Hydro Cup 2014
Les Trollheimsporten si sak før finalen her.
Les Trollheimsporten si sak om finalesigeren her.
Les Driva si nettsak om finalesigeren her.