Surnadal G14 vann nyleg Hydro Cup på Sunndalsøra, etter å ha slått Træff 1-0 i finalen. Kaptein Tor Inge Polden og Martin Lundemo Aakvik, matchvinnaren i finalen, er no uttekne til å representere Nordmøre og Romsdal fotballkrets G2000 i Stabæk Eliteturnering seinare i månaden.
Stabæk Eliteturnering er ei turnering med lag frå norsk toppfotball, pluss AGF frå Danmark. I det innleiande gruppespelet skal kretsen, med våre gutar på laget, møte Viking, Lillestrøm og Fyllingsdalen.
Øvrige lag Tor Inge, Martin og resten av kretslaget kan møte er Stabæk, Fredrikstad, Strømsgodset, Vålerenga, Bodø/Glimt, Sunnmøre fotballkrets, Brann og nemnde AGF.
Vi gratulerer duoen med uttaket, og gler oss til å følgje karane våre i eliteturneringa!
Trykk her for å sjå heile uttaket.