Flott tur til Skeisnebba Hyttefelt
"Ut på tur" 2005
Omlag 50 barn var med på oppstarten av årets "Ut på tur" som gjekk av stabelen i nydeleg ettersommar-ver torsdag 1. september.
"Ut på tur" fekk ein kjempestart da turen
til Skeisnebbba Hyttefelt gjekk: Temperaturen var oppe i 20 grader, godt og
varmt var det og ganske artig da dei rundt 50 barna fulgte naturstien etter
vegen fram til postkassen oppe ved hyttefeltet. Det var postar med spørsmål, og
vel framme deltakarane sjekke svara sine.
Mange nytta høvet til ein liten mat - og drikkepause, det var skriving i
turboka og teikning av turmotivet på turkortet, og mange av barna tykte det var
artig å leike seg litt før dei tok fatt på heimvegen.
Neste tur går til Høgberget torsdag 8. september, start klokka 17.00 og litt
utover for dei som vil prøve seg på natursti.
Turen til Høgberget er ikkje av dei lengste, rekn 20-30 minutt opp, og gle dykk til flott
utsikt!
Skrevet av: Steinar Aasbø
3. september 2005