Fire nye spelarar klare

A-laget forsterkar

Det er med stor glede vi kan melde at A-laget har forsterka med fire nye spelarar i løpet av dei siste vekene. Terje Holden (28), Petter Eidsli (22), Hallvard Næss (20) og Ørjan Nes Haugen (18) skal alle trekke på seg den nydelege, blå Surnadal-drakta i 2014.

Terje Holden
Terje Holden
pettereidsliidrettensfestkveld_500x847
Petter Eidsli
bjarnemadaus-ørjanneshaugen-hallvardnæss-svenranes_500x304
Ørjan Nes Haugen (nr to frå venstre) og Hallvard Næss (nr to frå høgre). Her saman med Bjarne Madaus (t.v.) og Sven Ranes (t.h.)

A-laget er godt i gang med oppkøyringa til 2014-sesongen, og med flotte treningsforhold på AMFI Park og bra trøkk på trening ser det ut til at våre beste menn absolutt er i rute til sesongstart. Blant dei som er med og skapar trøkk på trening finn vi fire nye fjes, som alle er klare for å ofre alt for Surnadal den komande sesongen.

Terje Holden (28) er eit kjent fjes i Surnadal-fotballen, og kjem frå studentidrettslaget NTNUI i Trondheim. Terje har vore ein viktig brikke i A-stallen tidlegare, mellom anna i 2007, då han spelte 18 kampar. No er venstrebacken tilbake hos oss, og det er trenar Webjørn Holten svært glad for.

- Terje gjer comeback i Surnadal-trøya etter å ha prestert i NTNUI. Han er rutinert, sterk og har ein veldig god venstrefot, og vil bidra sterkt utover sesongen. Vi ser fram til å sjå han i aksjon for oss igjen.

Petter Eidsli (22) gjer og comeback i Surnadal-trøya denne sesongen. Eidsli kjem til oss frå spel i Valsøyfjord, og har vist gode takter på trening. Han gjekk glipp av treningskampen mot Sunndal på grunn av skade, og nytta difor laurdagskvelden til å stille opp som ein av Surnadal IL sine to representantar under innmarsjen då Surnadal Idrettsråd arrangerte Idrettens Festkveld.

- Petter var eit kjempetalent før han la opp. Han gjorde for ei tid sidan comeback for Valsøyfjord, men har sidan i haust vore med oss i moderklubben Surnadal. Det lyser innsatsvilje og guts av Petter, og det er noko vi har behov for i årets sesong. Vi gler oss til å sjå Petter i aksjon kommande sesong, seier trenar Holten.

Hallvard Næss (20) er og eit "nygammalt" fjes i Surnadal-troppen. Midtbanespelaren kjem frå nabo- og samarbeidsklubb Rindal, og spelte 90 gode minutt på høgrekanten då vi møtte Sunndal til årets første treningskamp på laurdag.

- Etter nokre år i Rindal-trøya er Hallvard no tilbake i blått. Han har vist seg å vere i svært god form, og skikkeleg svolten på å vise seg fram. Det har han gjort, og vi er heldige som har Hallvard "back in business" hos oss, seier Holten.

Ørjan Nes Haugen (18 om få dagar) frå Kvanne skal og spele for Surnadal i 2014. Forsvararen er opprinneleg Søya-gut, men kjem til oss frå Sunndal. Eit litt artig poeng er at Ørjan sin siste kamp for Sunndal var mot Surnadal i serieavslutninga i fjor, medan hans første kamp for Surnadal var mot nettopp Sunndal på laurdag.

- Ørjan er ein tilvekst som har spelt på Sunndal dei siste sesongane. Han er ein stor, sterk og rask midtstoppar, som vi gler oss stort til å få på laget vårt, seier Webjørn Holten.

Alle fire er speleklare for Surnadal, og vi har dermed styrka stallen i god tid før både første treningskamp, cupkvalik og serieopninga mot KFK på Syltøran 21. april (andre påskedag).

Vi ønsker kvartetten hjerteleg velkommen til/tilbake til verdas beste klubb, og gler oss til å sjå dei i aksjon på Syltøran!

 

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva