norwaycup

Endeleg klart for Norway Cup!

Rekordmange SIL-lag påmeldt

Etter nøye og kontinuerleg vurdering av sikkerheita, har SIL Fotball bestemt at vi sender dei påmeldte laga våre til Norway Cup, som planlagt. Dermed rullar laurdag morgon to bussar med nærare 100 SIL-spelarar nedover til Oslo og Norway Cup. Vi stiller med heile sju lag i årets turnering, og gler oss veldig til fotballfest!

Søndag går dei første kampane i Norway Cup av stabelen, men allereie laurdag tek bortimot 100 SIL-spelarar i alderen 13-19 år turen til Oslo for å førebu seg til turneringa. 

Våre lag skal tradisjonen tru bu på Skøyenåsen skole på Oppsal, saman med mellom anna laga frå Kvass/Ulvungen. 

Trykk her for å sjå kampoppsetta for Surnadal IL sine lag.

Vurderer tryggleiken fortløpande

Torsdag varsla Politiets sikkerhetstjeneste (PST) om at dei har fått opplysingar som tilseier at Noreg kan verte utsett for eit angrep innan få dagar. Dette har mellom anna ført til at beredskapen på flyplassar, ved grenser og arrangementer i heile landet har vorte auka.

Sidan nyheita vart kjent har Surnadal IL Fotball fortløpande vurdert sikkerheita til spelarane våre, og mellom anna vurdert om vi framleis skulle delta i cupen og eventuelle tiltak som kunne vere aktuelle.

Basert på politiet sine råd på bakgrunn av PST si trusselvurdering, samt signala som har kome frå Norway Cup, har vi konkludert med at vi anser det som trygt å sende laga våre nedover. Det vil til ei kvar tid vere to våkne nattevakter på Skøyenåsen skole. Vi vil og ordne det slik at det er vaksenpersonar frå Surnadal IL på plass på skulen under opningskonserten laurdag kveld, slik at spelarane kan vere der saman med vaksne dersom dei ønskjer det.

Torsdag ettermiddag sa Norway Cup-general Frode Kyvåg til Dagbladet at han har enormt stor tillit til politiet, og la til mellom anna følgjande:

- Vi har eit utmerka samarbeid, og når dei beroligar oss og fortel at dei personleg ville sendt ungane sine hit, så er eg overhovudet ikkje urolig for det (om Norway Cup bør arrangerast) lenger.

Politiet skriv i sine råd følgjande:

- Informasjon som politiet har inneheld ikkje truslar mot konkrete objekt, arrangement eller personar. På det noverande tidspunkt er det difor ingen grunn til å anbefale folk å ta spesielle forholdsreglar.

Forheld oss til politiet sine råd

Per no vurderar vi det slik at vi ikkje kan gjere anna enn å stole på politiet og Norway Cup, og forhalde oss til råda deira. Vi kjem likevel til å vurdere situasjonen fortløpande gjennom turneringa, på bakgrunn av eventuell ny informasjon og nye råd myndigheitene og arrangørane kjem med.

Her kan du lese politiet sine råd på bakgrunn av PST si trusselvurdering.

Her kan du høyre dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus bli intervjua om saka på NRK Møre og Romsdal. Intervjuet er henta frå "God ettermiddag Møre og Romsdal" fredag ettermiddag.

Trykk her for å laste ned informasjonsskrivet frå Surnadal IL angåande Norway Cup 2014. (Mykje viktig informasjon!)


Ved spørsmål, kontakt den av personane nedanfor som er ditt lag sin Norway Cup-ansvarlege:
 

Signe Lill Aasland                 G13

916 85 076

Synnøve Pilskog                   J14

951 69 748

Terje Polden                         G14

994 79 070

Asbjørn Saltrø                       J16

980 17 941

Roar Nordvik                         G16

917 20 605

Jon Magne Helgetun             G19

402 40 221

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva