8. desember vart det heldt årsmøte i Surnadal IL Fotball, og då stod blant anna val av styre på agendaen.
Det var på førehand klart at styremedlem med ansvar for anlegg, Leif Erik Meese, takka for seg etter seks år i styret. Fotballgruppa ønskjer å rette ei stor takk til Leif Erik for strålande innsats, og er glade for at han framleis vert å sjå på Syltøran, som ein av pådrivarane for det driftige anleggsutvalet vårt.
Vi vil samtidig ønskje Håvard Stensønes, som tek over vervet etter Meese, hjerteleg velkommen inn i styret i Surnadal IL Fotball! Håvard er ein av trenarane for det som neste år vert G11, og ein ressursperson vi er sikre på fotballgruppa vil ha stor nytte av i åra som kjem.
Elles vart Erling Fiske attvalt som leiar og Ivar Næss som nestleiar, medan Olav Smevoll og Annett Ranes vart attvalte som henhaldsvis sportsleg leiar og leiar for Barne- og ungdomsavdelinga (BUA). Arrangementssjef Kirsten Jordet, styremedlem herre Dan Blekken og styremedlem dame Asbjørn Saltrø var ikkje på val.