I 2014 målte Surnadal krefter mot Molde i cupens første runde, medan Kristiansund BK frå OBOS-ligaen (1. divisjon) slo Brattvåg 3-0 på bortebane etter tre mål av Jean Alassane Mendy, som no spelar for Sandefjord i Tippeligaen.
Onsdag klokka 18.00 er det klart for ny folkefest på Amfi Park, og vi håpar publikum tek turen til Syltøran for å støtte A-laget i kampen mot Nordmøres beste fotballag.
Sjølv slo vi Dahle 5-0 og Sunndal 2-1 i dei to kvalifiseringsrundane til NM, og er dermed i 1. runde for fjerde gong sidan 2006 (2006, 2010, 2014 og 2015).
Vi gler oss veldig til å få storfint besøk av Christian Michelsen sitt mannskap, som i fjor vart slått ut av AaFK i 3. runde.
Lagoppstillingar vil du i løpet av dagen finne her: http://www.fotball.no/fotballdata/Kampfakta/?matchId=6320065.
Billettprisar:
Vaksne: 100,-
Barn 12-16: 50,-
Honnør: 50,-
Gullkort: 750,-. Dette gjeld gratis inngang for alle kampar til A-lag og B-lag herrer, samt A-lag damer - totalt minst 25 kampar. I tillegg inkluderer det gratis kaffi og bakels på alle kampar der dette blir servert.
Gratis inngang for alle frå 11 år og yngre, samt SIL-spelarar opp til 17 år.
Vel møtt til kamp!
Kampsponsor for cupkampen er vår kjære generalsponsor, Surnadal Sparebank!