Laurdag 15. mars hadde Kong Vinter bestemt seg for å invadere både Nordmøre og Sør-Trøndelag, og det vart tidleg klart at det ikkje kunne spelast kamp på Gruva kunstgress i Melhus, der kampen opprinneleg skulle gå. Rødde 2-trenar Håvard Johannessen fekk imidlertid, på kort varsel, ordna med leige av Tempe kunstgress - rett ved Nidelva. Dermed vart det kamp likevel!
Historia bak Rødde FK, og spesielt namnet - er merkeleg. Dette er eit resultat av at Tiller (rykka opp frå 3. divisjon i 2013) og Melhus slo saman satsingane sine for å danne MTFK Toppfotball (Melhus Tiller Toppfotball). Somme ildsjeler i Tiller ønska å halde fram som reint Tiller-lag i lågare divisjonar i 2014, og sidan både dei og Melhus har seniorlag i lågare divisjonar godkjente ikkje NFF namneønsket til den nye toppfotballsatsinga. I påvente av å få MTFK Toppfotball godkjent fekk prosjektet arbeidstittelen Rødde, fordi det reint geografisk ligg midt mellom Melhus og Tiller. Prosessen har drege ut i tid, og dermed er det Rødde FK som er satsinga sitt offisielle namn i tabellane i 2014 - både for A-laget i 2. divisjon og rekruttlaget i 4. divisjon.
Det var altså sistnemnde lag vi møtte denne laurdagen. Vi forventa oss eit ungt, spelande 4-3-3-lag - ikkje ulikt oss - og det var akkurat det vi fekk. Ifølge Rødde-trenar Johannessen, som tidlegare mellom anna har vunne junior-NM som keeper for Rosenborg og trena Wam-Kam i Oslo til opprykk, var det ei ung Rødde-utgåve vi møtte til dyst ved breidda av Nidelva. Rødde 2 vart i fjor nummer fire i 4. divisjon i Trøndelag, og før 2014-sesongen har NordicBet laget som nest største favoritt til å rykke opp til 3. divisjon. Det var nok eit noko redusert lag som møtte oss, men trenaren skildra startellevaren som "brukbar", og dei hadde med seg to mann frå A-stallen i 2. divisjon.
Tidleg dobbel
1-0 til Surnadal kom etter berre seks minutts spel. Då dunka Bjørnar Dalsegg Sæter ballen i det høgre hjørnet frå 22-23 meter, akkurat slik han gjer gong etter gong på kvar einaste trening. Same mann auka til 2-0 etter eit kvarter, og dei første 20 minutta var gode, sett med Surnadal-auger. I eit par periodar i første omgang sleit vi med å etablere eit godt nok press på Rødde sin banehalvdel, og heimelaget straffa oss etter 27 minutt. Då fekk deira svært gode, sentrale midtbanemann, som er i 2. divisjonsstallen, føre ball inn på vår halvdel. Deretter fann han ein medspelar ute til høgre, og vi klarte ikkje å hindre at Rødde kom til avslutning frå god posisjon. Keeper Steinar Ranheim varta opp med ei fantastisk redning på det første forsøket, men ein Rødde-spelar var dessverre først på returen. 1-2 etter ein snau halvtime, og dette vart og resultatet til pause.
For å oppsummere førsteomgangen kan ein seie at vi i store periodar var det klart førande laget, og vi hadde stort sett god kontroll bakover. Det var likevel rom for forbedring til dei siste 45 minutta.
Positive debutantar
I pausen kom Sander Smevoll inn til sin debut for A-laget då han erstatta ein, som vanleg, god Snorre Larsen. 16 år gamle Sander har vist flotte takter på trening i heile vår, og spelte ein god omgang som ein av to djupe midtbanespelarar. I tillegg kom Ørjan Nes Haugen inn på stopparplass for Håkon Bredesen. Lars Mogstad, som spelte stoppar i første omgang, gjekk dermed ut på høgrebacken.
I det 56. minutt var det duka for 3-1, og også dette målet var signert Bjørnar Dalsegg Sæter. Eldstebror Sæter scora etter nydeleg forarbeid frå lillebror Andreas, som herja på venstrekanten i andre omgang. Etter målet heldt vi på initiativet i kampen, og lot nesten ikkje Rødde låne ballen. Backane våre var angrepsvillige kampen igjennom, og vi jobba hardt for kvarandre heile vegen.
Etter 65 minutt kom Bjarne Madaus, dagens andre 97-modell, inn for Emil Haugen Ansnes, som i andre omgang verkeleg viste for et angrepsvåpen av ein pasningsfot han har. Fem minutt seinare kom Petter Eidsli inn til sin debut for A-laget. Den tidlegare Surnadal-junioren spelte for Valsøyfjord i fjord, men er no tilbake i den blå drakta, og leverte 20 solide minutt på stopparplass. Eidsli kom inn for Stein Todalshaug, som etter snaue ti minutts kvile kom inn igjen for Andreas Dalsegg Sæter. I 4. divisjon er reglane slik at ein kan bruke opp til sju innbyttarar i kvar kamp, og spelarar som har blitt bytta ut kan komme inn igjen.
Fire frå toppscoraren
I det 84. minutt kom kampens lekkerbisken. Stein Todalshaug førte opp, og kombinerte nydeleg med kaptein Trond Blekken frå 20-25 meter og inn. Plutseleg var Tollvegens Iniesta åleine med keeper, og med ein iskald chip sette han inn vårt fjerde mål for dagen.
Under minuttet seinare var det duka for nok eit SIL-mål, då Bjørnar Dalsegg Sæter utnytta ein feil i det unge Rødde-forsvaret og sette ballen sikkert i mål åleine med keeper. Sæter, som scora imponerande 20 mål på 23 kampar i fjor, viser dermed at han har skumle hensikter og i 2014.
Fleire mål vart det ikkje, og kampen enda dermed med ein fortent 5-1-siger mot eit triveleg Rødde-lag, som nok gav litt opp mot slutten.
Vi takkar for kampen, og ønskjer Rødde lykke til med 2014-sesongen!
Neste A-kamp: Heime mot Sunndal i 1. kvalifiseringsrunde til NM. Kampen vert spelt på AMFI Park onsdag 19.3. kl. 18.30. Vel møtt!
Kampfakta:
Rødde 2-Surnadal 1-5 (1-2)
Tempe kunstgress, 15.3. kl. 15.00.
Mål:
0-1 Bjørnar Dalsegg Sæter (6.)
0-2 Bjørnar Dalsegg Sæter (15.)
1-2 (27.)
1-3 Bjørnar Dalsegg Sæter (56.)
1-4 Stein Todalshaug (84.)
1-5 Bjørnar Dalsegg Sæter (85.)
Ingen kort.
Surnadal (4-3-3) frå høgre mot venstre:
Steinar Ranheim - Håkon Bredesen (Ørjan Nes Haugen 46.), Lars Mogstad, Emil Haugen Ansnes (Bjarne Madaus 65.), Simen Einmo Engdal - Snorre Larsen (Sander Smevoll 46.), Stein Todalshaug (Petter Eidsli 70.), Trond Blekken (Kaptein) - Hallvard Næss, Bjørnar Dalsegg Sæter, Andreas Dalsegg Sæter (Stein Todalshaug 79.).