Avslutning for "Ut på tur" 2005
Slutt for denne gong:
Det vart ei triveleg avslutning oppe ved Skihytta søndag 25. september.
I år, som tidlegare år, var barn og vaksne samla ved Skihytta til
avslutning for årets "Ut på tur". Der kunne barna gå natursti, grille ei pølse
eller to og det var loddsal med trekning. Barneidretten serverte smaksprøver av
ei kjempegod og enkel tur-delikatesse: eplebåtar, snudd i sukker, kanel og
o`boy, som vart grilla i fole: Kjempegodt!
På slutten av arrangementet fekk alle barna ein liten premie for god og
sporty deltaking på årets turar; ein hendig pose som kan nyttast til gym- eller
svømmeklede, ombyt, gymsko eller anna.
Her er alle barna som var med til Skihytta søndag 25.
september.
Skrevet av: Steinar Aasbø
25. september 2005