Avansement i cupen!

Surnadal-Sunndal 5-0 (4-0)

A-laget er vidare i cupen etter at dei slo naboane frå Sunndal heile 5-0 onsdag. Til pause stod det 4-0, etter tre mål av Bjørnar Dalsegg Sæter og eitt av Snorre Larsen. I andre omgang la eldstebror Dalsegg Sæter på til 5-0, som og vart sluttresultatet.

Ørjan sjanse Sunndal
Ørjan Nes Haugen
Bjørnar feirar 1-0 Sunndal
1-0 Bjørnar D. Sæter
Bjørnar feirar 2-0 Sunndal
2-0 Bjørnar D. Sæter (str.)
Snorre feirar 3-0 Sunndal 2 copy
3-0 Snorre Larsen
Snorre feirar 3-0 Sunndal 3 samhald copy
Samhald i laget
Snorre feirar 3-0 Sunndal 4 copy
Feiring av 3-0
Bjørnar feirar 4-0 Sunndal
4-0 Bjørnar D. Sæter
Bjørnar feirar 5-0 Sunndal 1
5-0 Bjørnar D. Sæter
Sven Ranes Sunndal copy
Sven Ranes
Roy Bolme Sunndal copy
Roy Bolme

Onsdag var det klart for den første obligatoriske A-kampen sesongen 2014, då Sunndal gjesta AMFI Park i første kvalifiseringsrunde i NM. Dei to laga møtte kvarandre til dyst på Sunndal kunstgress 8. februar, då med 3-0 til sunndalingane som sluttresultat. Det var difor ein revansjelysten Surnadal-gjeng som entra kunstgraset på Syltøran, klare for å ta skalpen på dei raudkledte naboane. Takka vere iherdig brøyteinnsats frå banemester Øyvind Bochkon og Einar Strand var speleforholda upåklagelege, trass store snømengder i dagane og timane før kampstart.

Kjempestart

Og kampen starta glimrande for Surnadal. Med høgt, aggressivt press vann Webjørn Holten sitt mannskap ballen langt inne på Sunndal sin banehalvdel, gong på gong. Samtidig heldt spelarane roa med ball, og vi klarte dermed både å skape og bruke romma slik vi ønska, og slik laget har øva mykje på i oppkøyringa. Allereie etter to minutt var Ørjan Nes Haugen, tidlegare Sunndal-spelar og ein av tre Surnadal-debutantar i kampen, ekstremt nær nettkjenning mot gamleklubben. Ein godt slått corner hamna hos Haugen på bakre stolpe, men midtstopparen sitt forsøk vart avverga på streken. Det var likevel eit teikn på kva som skulle komme.

Etter 13 minutt var det duka for det første målet i kampen, og det er inga stor overrasking at Bjørnar Dalsegg Sæter var mannen bak. Han fekk ballen frå venstreback Simen Einmo Engdal, og frå 17-18 meter sette han ballen flott i høgre hjørne. Ein kjempestart for dei blå!

Vi heldt trykket også etter scoringa, og plukka opp det som var av andreballar etter duellar. Etter 21 minutt peika dommaren på straffemerket etter ein hands inne i Sunndal-feltet, og Bjørnar Dalsegg Sæter var sikker som banken frå ellevemeteren. 2-0.

Russen ordnar 3-0

Vondt vart raskt til verre for Sunndal, og godt til betre for Surnadal. Like etter det andre målet svinga venstrekant Andreas Dalsegg Sæter ballen inn i bortelaget sin 16-meter, der indreløpar, løps- og duellmaskin Snorre Larsen hadde sprunge seg heilt fri frå all markering. Åleine med keeper gjorde han ingen feil, og akkurat som under russrevyen serverte våre to 2014-russ dermed publikum glitrande underhaldning - sjølv om "I want it that way" glimra med sitt fråvêr denne gongen. 

Surnadal trong ingen bakgategutar for å vise Sunndal korleis dei ville ha det den første halvtimen av denne cupkampen, men det siste kvarteret i omgangen vart noko jamnare. Sunndal-general Torgeir Ruud Ramsli fekk unison applaus frå heimepublikum då han etter 35 minutt meldte følgjande til lagkameratane: "Slutt å klag på dommeren - vi blir rundspilte!". Dei siste 10-15 minutta av omgangen var ikkje fullt så gode som den første halvtimen sett med Surnadal-auger, og Sunndal var nære scoring ved to høve. Først kom Erik Ruud Ramsli til avslutning frå skrått hald ute til høgre, men ballen gjekk utanfor mål. Deretter heada ein sunndaling på bakre stolpe eit frispark over mål frå kort hald. I tillegg til dette hadde vi og nokre sjansar til å auke, mellom anna ved Dan Blekken og Stein Todalshaug. 

Like før pause kom vi raskt i angrep med mange mann, med Bjørnar Dalsegg Sæter som ballførar. Han vart takla av ein Sunndal-forsvarar, men kaptein Trond Blekken plukka opp andreballen og satte fart mot Sunndal sin 16-meter. Han vart sparka ned, men ballen spratt tilbake til eldstebror Dalsegg Sæter. Storscoraren let seg ikkje be to gonger, og dunka inn sitt tredje og Surnadal sitt fjerde mål i kampen. Surnadal-Sunndal 4-0 til pause!

Åtte på to for Bjørnar

I andre omgang kom Sunndal, naturleg nok, ut med langt større balltempo og høgare press enn i første omgang. Skulle dei ha nokon sjanse til å ta att 4-0 var dei avhengige av minst ei tidleg scoring, og dei hadde mykje ball i starten av omgangen. Vi forsvarte oss godt, og nekta Sunndal å skape store sjansar. Det første kvarteret passerte med eit par halvsjansar til kvart av laga, og Sunndal sitt forsøk på ein offensiv mista meir og meir momentum.

Etter 65 minutt var det i staden svært nær eit nytt Surnadal-mål, då Andreas Dalsegg Sæter banka ballen i tverrliggaren og over frå langt hald. Berre minuttet etterpå skulle vi likevel få utteljing, då Dan Blekken fann Bjørnar Dalsegg Sæter på løp inn bak Sunndal-forsvaret. Ei elegant runding av keeper seinare stod det 5-0, og fjorårstoppscoraren har dermed scora fire mål i to kampar på rad.

Comeback og debutantar

Hallvard Næss, som er tilbake i Surnadal etter ein sesong i Rindal IL, kom inn til sin A-lagsdebut etter 72 minutt. Næss har imponert stort både på trening og i kamp sidan han kom att, og vil garantert bli ein svært verdifull bidragsytar den komande sesongen. Det gjeld og spydspissen Roy Bolme, som kom inn etter 77 minutt. Rindalingen har scora 48 mål dei to siste sesongane, og kjem til Surnadal frå spel under Nils Arne Eggen i Orkla. Velkommen tilbake, Roy!

Stein Todalshaug, som kampen igjennom var eit konstant uromoment for Sunndal, var svært nær scoring då han i kjent stil på eiga hand dribla seg heilt igjennom motstandarforsvaret. Dessverre varta Sunndal-keeper Bendik Reitan opp med ei kjemperedning, og Reitan stod og i vegen for comeback-kid Bolme litt seinare i kampen.

Seks minutt før slutt var det klart for vårt tredje bytte og vår tredje debutant for dagen. 97-modell Sven Ranes har i heile vinter vist eminent nærteknikk og ekstremferdigheiter 1-mot-1 offensivt, og han markerte seg med ein gong også mot Sunndal. Han dansa flott forbi fleire sunndalingar inn i deira 16-meter, men til slutt stod tidlegare Søya-spelar Brage Hauglann-Talgø i vegen. Ikkje lenge etter fekk Ranes applaus frå dei frammøtte tilskodarane då han varta opp med ei knallhard, rein, sklitakling på dobbelt så gamle, og langt meir rutinerte Torgeir Ruud Ramsli.

Hardt arbeid og godt humør

Dette ungdommelege pågangsmotet var symptomatisk for Surnadal i denne kampen, og det å slå 3. divisjonslaget Sunndal 5-0 med fem juniorspelarar i startoppstillinga er sterkt. No gjeld det at vi klarar å halde fram med å tru på eigne ferdigheiter, og jobbe like knallhardt som i dag både på trening og i kamp - og uansett kva lag som står på motsatt banehalvdel. Potensialet i laget er stort, og mot Sunndal fekk det unge laget vist publikum at det kan bli mange artige fotballstunder på Syltøran i 2014.

Med hardt arbeid, godt humør og ekstrem glød skal Surnadal bite godt frå seg denne sesongen, og det håpar vi at så mange som muleg har lyst til å følgje med på!

Vi takkar for kampen, og ønskjer Sunndal lykke til med 2014-sesongen!

Neste A-kamp: Treningskamp mot Meldal. Kampen vert spelt på AMFI Park laurdag 29.3. kl. 14.00. Vel møtt!

Kampfakta:

Surnadal-Sunndal 5-0 (4-0)

AMFI Park, onsdag 19.3. kl. 18.30.
64 betalande tilskodarar.

Mål:

1-0 Bjørnar Dalsegg Sæter (13.) (Assist Simen Einmo Engdal)
2-0 Bjørnar Dalsegg Sæter (str. 21.) (Ingen assist)
3-0 Snorre Larsen (23.) (Assist Andreas Dalsegg Sæter)
4-0 Bjørnar Dalsegg Sæter (45.) (Assist Trond Blekken)
5-0 Bjørnar Dalsegg Sæter (66.) (Assist Dan Blekken)

Gule kort: Stein Todalshaug, Surnadal. Christian Danielsen og Eivind Lervik, Sunndal.

Surnadal frå høgre mot venstre (4-3-3):

Steinar Bæverfjord Ranheim - Lars Mogstad, Emil Haugen Ansnes, Ørjan Nes Haugen, Simen Einmo Engdal - Snorre Larsen (Roy Bolme 77.), Stein Todalshaug (Sven Ranes 84.), Trond Blekken (Kaptein) - Dan Blekken (Hallvard Næss 72.), Bjørnar Dalsegg Sæter, Andreas Dalsegg Sæter.

 

Her kan du lese kva lokalpressa skriv om kampen:

Driva sin artikkel frå kampen.

Trollheimsporten sin artikkel frå kampen.

Tidens Krav sin artikkel frå kampen.

AuraAvis sin artikkel frå kampen.

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva