Då Idrettens Festkveld gjekk av stabelen laurdag 8. februar var fleire representantar frå Surnadal IL nominerte til prisar. Leiar Svein Dalen og Ingvar Sæther var begge nominert til "Publikums Hederspris", som Terje Nordvik fekk for sitt engasjement for lokalfotballen i Todalen.
Jorunn Snekvik (Surnadal Skytterlag) vann prisen "Årets Prestasjon", for sine imponerande prestasjonar under landsskytterstemnet på Oppdal. Her var og Harald Polden (Surnadal NTN TaeKwon-Do Klubb) og Råg Rindal (Surnadal Motocrossklubb) nominerte.
Frå Surnadal IL var både Arne Berset (Ski Nordisk) og Arnhild Bergheim (Handball) nominert til prisen "Årets ildsjel", saman med Axel Skuggevik frå Surnadal Skytterlag, og det var Bergheim som fekk prisen.
Ho har spelt både aldersbestemt seniorhandball i Surnadal IL i ei årrekkje, og 45 år gamal er ho framleis aktiv for klubben sitt damelag. I tillegg er ho lagledar og trenar i aldersbestemte klassar, og er på alle måtar ei svært positiv kraft i handballmiljøet i Surnadal.
Vi gratulerer både Arnhild, våre andre nominerte og alle som brukar fritida si på å bidra til aktivitet i idretten. De gjer ein utruleg god og viktig jobb!
Her kan du sjå innmarsjen under Idrettens Festkveld, der medlemslaga vart presenterte.