Alle poenga vart att i Vårsøgland då Surnadal søndag slo Træff 2 2-1 i første serierunde.
Dei unge, hardtarbeidande gjestane åpna forrykande, og tok leiinga etter berre fire minutt. Surnadal kjempa seg likevel tilbake i kampen, og reint subjektivt var det vel fortent då utlikninga satt minuttet før pause.
Stein Todalshaug slo eit frispark inn i feltet, der Lars Mogstad var i duell med Træff sin keeper. Det første til ein ny duell i feltet, der Torgeir Kvendset var involvert. Til slutt enda ballen i mål, med ein uheldig spelar frå bortelaget som målscorar. Dermed stod det 1-1 til pause.
Dalsegg Sæter avgjorde
Andre omgang heldt fram slik den første avslutta, med Surnadal som det førande laget, og eit Træff som låg kompakt og venta på kontringar. Heimelaget bruka dessverre ofte i overkant lang tid på å vri spelet, og var i tillegg uvanleg slurvete med pasningane sine.
Likevel skapte SIL fleire gode mulegheiter til å score, mellom anna ved den livlege høgrekanten Ola Heggset og alltid målfarlege Bjørnar Dalsegg Sæter.
Og det er inga overrasking at det var nettopp eldstebror Dalsegg Sæter som skulle bli matchvinnar i denne kampen, som han har vorte så mange gonger før dei siste åra.
Ørjan Nes Haugen, som gjekk ut etter ein stor time for så å komme inn att for nemnde Heggset på høgrekanten, slo flott inn mot bakre stolpe. Der venta Trond Resell, som trilla ballen fint vidare til Bjørnar Dalsegg Sæter. Mannen som scora heile 35 mål i 2014 plasserte den trygt ned i hjørnet på direkten, og med åtte minutt att stod det 2-1 til Surnadal!
Etter 2-1-målet tok bortelaget til å slå langt, men Torgeir Kvendset og Vegar Brøske ruva i lufta, som vanleg, og rydda unna saman med resten av surnadalingane. Dermed vart det seier og tre poeng til Webjørn Holten sitt mannskap.
Møter KBK onsdag
Neste seriekamp for A-laget er ikkje før 2. mai, når Vestnes Varfjell kjem på besøk til Syltøran. Allereie onsdag skal laget måle krefter mot Kristiansund BK i 1. runde av NM, så vi oppmodar alle til å ta turen for å støtte karane mot OBOS-liga-laget.
Torsdag er det så klart for seriestart både for damelaget (mot Dahle på Amfi Park kl. 18.00) og B-laget (mot Øksendal på Øye stadion kl. 19.00), medan det og er G19-kamp same kveld (mot Orkanger på Amfi Park kl. 20.00).
Også måndag er det klart for seriestart, når Surnadal G16 møter Frei på Amfi Park klokka 19.00.
Kampfakta:
Surnadal-Træff 2 2-1 (1-1)
Mål:
0-1 Ole Kristian Gautvik (4.)
1-1 Sjølvmål (44.) (Assist Stein Todalshaug)
2-1 Bjørnar Dalsegg Sæter (82.) (Assist Trond Resell)
Gule kort: Stein Todalshaug og Torgeir Kvendset, Surnadal. Johannes Moe og Ole Kristian Gautvik, Træff 2.
Laget frå høgre mot venstre:
Steinar Bæverfjord Ranheim - Lars Mogstad, Ørjan Nes Haugen, Torgeir Kvendset, Simen Einmo Engdal - Sven Ranes, Andreas Dalsegg Sæter, Stein Todalshaug (Kaptein) - Sander Smevoll, Bjørnar Dalsegg Sæter, Ola Heggset.
Byter:
62. min: Vegar Brøske inn for Ørjan Nes Haugen.
75. min: Trond Resell inn for Sven Ranes.
80. min: Ørjan Nes Haugen inn for Ola Heggset.
85. min: Emil Haugen Ansnes inn for Sander Smevoll.
90. min: Petter Eidsli inn for Ørjan Nes Haugen.