Første omgang av kampen mot Midsund var svært bra, sett med Surnadal-auger. Vi fekk brukbar fart på ballen, og slapp ikkje motstandarane til på vår halvdel i det heile tatt. Bjørnar Dalsegg Sæter set tidleg ein ball i mål, men linjedommaren har vinka for offside. Etter 14 minutt er toppscoraren nære med ein lobb over keeper, men den går dessverre både over og utanfor.
Stort Surnadal-trykk
Eit par minutt seinare tek vi likevel leiinga, når Stein Todalshaug sender ballen i mål frå litt skrått hald ute til venstre, etter pasning frå kaptein Trond Blekken. Etter målet held vi fram med presset, og etter 20 minutt kjem vi til ein stor dobbelsjanse, som kulminerer i eit stolpetreff frå Bjørnar Dalsegg Sæter. Berre minuttet seinare er det Dan Blekken sin tur til å treffe stanga, og dei 108 betalande tilskodarane sit nok med ei kjensle av at SIL-leiinga no kunne vore langt større enn 1-0.
Det meiner og Bjørnar Dalsegg Sæter, som etter 32 minutt stig til vêrs og headar inn eit nydeleg innlegg frå høgrekant Dan Blekken. Dermed står det 2-0 til Surnadal, og Snorre Larsen er svært nær ved å auke leiinga når han slenger seg fram og når eit nytt flott innlegg frå Dan Blekken. Dessverre fyk ballen over mål, og 2-0 står seg til pause.
Unødvendig spenning 1
Den andre omgangen blir dessverre ikkje like god som den første. Vi går for mykje ein og ein i angrep, og klarar dermed ikkje la ballen gå like hurtig som i dei første 45 minutta. Likevel skapar ikkje Midsund stort, før dei med det som nærast ser ut som ei klarering får sendt storscorar Simen Tangen åleine igjennom forsvaret vårt.
Ifølgje fotball.no scora Tangen 24 mål på 23 kampar for Midsund i fjor, og sjølv om Steinar Ranheim på mesterleg vis får avverga Tangen sitt første forsøk, klarar vi ikkje å rydda unna andreballen. Den plukkar Tangen opp igjen, og frå skrått hald ute til venstre får han svinga ballen høgt opp i det lengste hjørnet. Ei glimrande scoring av Tangen, men med Surnadal-auger er dette eit baklengsmål vi kunne og burde rydda opp i fleire gonger i løpet av situasjonen.
Etter 67 minutt vert det vi vil påstå er ei heilt grei scoring, signert Stein Todalshaug, annullert. Todalshaug følgjer våkent med og scorar på ein retur etter eit frispark, men assistentdommaren vinkar ein i beste fall svært tvilsam offside.
Fem minutt seinare går både Emil Haugen Ansnes og Snorre Larsen høgt, høgt opp i lufta for å heade ein Trond Blekken-corner i mål. Ballen landar perfekt på pannebrasken til Larsen, som dermed sørgjar for 3-1 til Surnadal.
Unødvendig spenning 2
I det 90. minutt får Midsund spelt fri lynraske Simen Tangen igjen. Også denne gongen reddar Steinar Ranheim strålande, men dessverre sprett ballen i Emil Haugen Ansnes og i mål til 3-2. Rein uflaks, dessverre. Det vert dermed eit par spennande minutt med overtid på Syltøran, men vi halar det i land, og vinn svært fortent 3-2.
Sjølv om vi gjer kampen unødvendig spennande viser vi styrke gjennom å kjempe til oss tre nye poeng, og førsteomgang er rett og slett bra. Vi har to avslutningar i treverket og to annullerte mål, og ut i frå spel og sjansar hadde det ikkje vore noko å seie på om sigeren var eit par-tre mål større. Tre poeng er likevel tre poeng, og spelarane viser ei vinnarvilje som lovar svært godt for framtida!
Dagens SIL-gut kåra av juryen på stadion: Lars Mogstad.
Vi takkar Midsund for kampen og eit hyggeleg besøk, og ønskjer dei lykke til vidare med sesongen!
Kampfakta:
Surnadal-Midsund 3-2 (2-0)
Syltøran stadion, fredag 9.5. kl. 19.00
108 betalande tilskodarar.
Mål:
1-0 Stein Todalshaug (16.) (Assist Trond Blekken)
2-0 Bjørnar Dalsegg Sæter (32.) (Assist Dan Blekken)
2-1 Simen Tangen (58.)
3-1 Snorre Larsen (72.) (Assist Trond Blekken)
3-2 Emil Haugen Ansnes (sjølvmål, 90.)
Laget (4-3-3):
Steinar B. Ranheim - Lars Mogstad, Emil Haugen Ansnes, Ørjan Nes Haugen, Håkon Bredesen (Simen Einmo Engdal 60.) - Snorre Larsen (Sander Smevoll 77.), Stein Todalshaug, Trond Blekken (kaptein) - Dan Blekken (Trond Resell 85.), Bjørnar Dalsegg Sæter (Roy Bolme 68.), Andreas Dalsegg Sæter.