A-laget møter AK laurdag

Fleire treningskampar fastsett for herrelaget i 4. divisjon.

IMG_9401
A-trenar Knut Ola Høvik får sjå laget sitt møte AK, KIL/Hemne og Kvass/Ulvungen dei kommande vekene.
IMG_5693
Rindal/Surnadal G19 møter Sverresborg 2 i OBOS Cup fredag.

Førstkommande laurdag tek A-laget imot Averøykameratene til treningskamp på Amfi Park. Kampstart er klokka 15.00.

Vi håpar så mange som muleg tek turen for å støtte laget!

NM-kvalik 29.3.

Fleire andre treningskampar er og bekrefta, men her er det snakk om bortekampar.

Fredag 24. mars ventar KIL/Hemne, medan det blir kamp mot Kvass/Ulvungen på Sunndalsøra 8. april.

Mellom dei to kampane - nærare bestemt onsdag 29. mars - er det klart for årets første obligatoriske A-kamp. Då skal Knut Ola Høvik og Stein Todalshaug sitt mannskap møte Averøykameratene igjen - denne gongen på bortebane, i kvalifiseringa til NM.

G19 med sesongstart fredag

Også i år samarbeider SIL med våre gode naboar i Rindal om G19-lag. Laget spelar i Trøndelagsserien, men før seriestart der deltek laget i OBOS Cup. Det betyr at juniorane spelar obligatorisk kamp allereie fredag 17.3., når Sverresborg 2 kjem på besøk til Amfi Park. 

Her er det altså mulegheiter for å sjå fotballkamp på Amfi Park både fredag og laurdag!

Annonser

Svorka AS

GjensidigeDriva