Etter ei tøff veke med tap mot KFK, Molde og Frei, slo Surnadal valdsamt tilbake då dei knuste Vestnes Varfjell heile 8-0 heime på Syltøran stadion onsdag 30. april. Fredag er det duka for ny heimekamp, denne gang med Midsund på motsett banehalvdel.
Midsund serieopna med 2-3-tap borte mot CFK/KBK 3, før dei slo Vestnes Varfjell 5-3 på heimebane. I tredje serierunde gjekk dei så på ein storsmell med 1-7-tap heime mot Eidsvåg, etter at dei låg under 0-5 til pause. Det er difor garantert eit revansjelystent Midsund-lag som tek turen til verdas vakraste dal fredag kveld.
Med tre poeng på tre kampar ligg Midsund plassen bak Surnadal på tabellen, og i ei 4. divisjonsavdeling der det så langt verkar som om alle kan slå alle, bortsett frå KFK, er kvar einaste kamp livsviktig. Vi oppmodar alle SIL-patriotar til å ta turen til Syltøran fredag, og heie fram karane!
Billettprisar:
Vaksne: 80,-
Honnør: 50,-
Barn under 16 år/SIL-spelarar (helst i SIL-klede): Gratis.
Gullkort: 750,- (inkl. gratis kaffi og bakels på alle kampar der dette blir servert).
Trykk her for å sjå tabellen.
Trykk her for å besøke heimesida til Midsund.
Trykk her for å komme til Facebook-eventen for kampen.
Trykk her for å komme til Surnadal IL sin Twitter-profil, som vil oppdatere frå kampen undervegs.