12699012_10153182713506503_233692006_o

50 år sidan Surnadal IL vart stifta!

Laurdag 13. februar 2016 er det på dagen 50 år sidan skipingsmøtet i Surnadal Idrettslag.

Det er i dag akkurat 50 år sidan Surnadal Idrettslag vart skipa!

Surnadal IL er eit resultat av at IL Framtid (1913), IL Bjørn (1932) og Surnadal Gjenteidrettslag (1945) slo seg saman, og reint formelt vart det altså gjort på eit møte 13. februar 1966.

Asbjørn Ørsal vart valt til den første leiaren i det nye idrettslaget, og den første logoen er den på biletet over.

I dag er Surnadal IL eitt av dei største fleiridrettslaga i fylket, og har grupper for fotball, handball, langrenn, alpint og allidrett - ei gruppe som omfattar friidrett, barneidrett, bueskyting, volleyball, innebandy, trim og turn.

Idrettslaget feira 100-års-jubileum i 2013, 100 år etter skipinga av IL Framtid, men i dag er det altså nøyaktig 50 år sidan sjølve Surnadal IL vart ein realitet.

Surnadal Idrettslag er, og skal vere, ei drivande kraft i lokalsamfunnet i Surnadal, og skapar minner for livet for barn, unge og vaksne, som får bruke fritida si på å gjere det dei likar aller best. 

Vi har ei stolt historie, og saman skal vi jobbe for at vi også i framtida kan sørgje for gode opplevingar for små og store i Surnadal!

Gratulerer med dagen, alle saman, og tusen takk for den enorme frivillige innsatsen alle våre mange eldsjeler har lagt ned gjennom dei 50 åra frå 1966-2016.

Annonser