- Dette blir steinbra

Nils-Erik Ulset frå Tingvoll og resten av utøvarane er fulle av lovord etter første treningsdag på Nordmarka i samband med 2015 IPC Nordic Skiing World Cup i Surnadal. 

DSC_2385
Nils-Erik Ulset (Foto: Nathan Lediard på trening måndag 16.3./ Lediard Foto AS)
DSC_1224
Ulset blir intervjuet av NRK Møre og Romsdal (Foto: Nathan Lediard / Lediard Foto AS)
DSC_0908
Verdenscupveka starta med offisiell trening måndag. (Foto: Nathan Lediard / Lediard Foto AS)
DSC_2595
Verdenscuptoar i kvinner, ståande - Brittany Hudak (Canada) (Foto: Nathan Lediard / Lediard Foto AS)
DSC_2352
Mark Arendz (Canada) i aksjon. Arendz tok både sølv og bronse i Paralympics i Sotsji i 2014, og gull i VM i Sollefteå i 2013. (Foto: Nathan Lediard / Lediard Foto AS)
DSC_2328
Verdenscupleiar i kvinner, sittande - Oksana Masters (USA) (Foto: Nathan Lediard / Lediard Foto AS)

Måndag var første dag av 2015 IPC Nordic Skiing World Cup i Surnadal. Frå klokka 10.00-15.00 var det offisiell trening, og Nordmarka fekk med det sin første smak av verdenscup. 

I morgon er det klart for langdistansar i langrenn, og dagen startar med 12km for kvinner, sittande klokka 10.00. Programmet i sin heilskap er som følgjer:

10.00 – LW 10 – 12 Sittande, kvinner 12 km (4 x 3 km)
10.40 – LW 10 – 12 Sittande, menn 15 km  (5 x 3 km)
11.40 – LW 2 – 9 Ståande, kvinner 15 km (5 x 3 km)
11.45 – B 1 – 3 Synshemma, kvinner 15 km (5 x 3 km)
12.45 – LW 2 – 9 Ståande, menn 20 km (4 x 5 km)
13.00 – B 1-3 Synshemma, menn 20 km (4 x 5 km)

- Utøvarane er imponerte

Nils-Erik Ulset frå Tingvoll er eitt av Noregs største håp under verdenscupveka, som er det siste av fire verdenscuparrangement sesongen 2014/15. Ulset har tre gull, fire sølv og fire bronse frå Paralympics, fire gull, sju sølv og seks bronse frå VM og heile fem samanlagtseirar i verdenscupen i skiskyting.

Og 31-åringen er full av lovord etter første dag:

- Inntrykket mitt er at dette rett og slett blir steinbra. No gler eg meg skikkeleg, seier Ulset, som fortel om gode skussmål og frå dei andre nasjonane.

- Eg har fått veldig mange positive kommentarar frå utøvarar frå andre land, både om anlegget på Nordmarka og opplegget rundt arrangementet. I tillegg er dei imponerte over kor fint det er i Surnadal, seier Ulset, og legg til:

- Det er somme nasjonar som alltid er meir kritiske enn resten, men sjølv dei har komme til meg og skrytt, så det lovar veldig godt.

Satsar på samanlagtseier

Ulset satsar alt på å ta sin sjette samanlagtseier i verdenscupen i skiskyting, og vel difor å stå over tysdagens langrenn, sjølv om han veldig gjerne kunne tenkt seg å gå. Før skiskyting-konkurransane onsdag, fredag og søndag ligg han på delt andreplass i klassa for menn, ståande, med sine 415 poeng. 

Leiaren Vladislav Lekomtcev, som tok to gull og tre bronsemedaljar under Paralympics på heimebane i Sotsji i 2014, har 440 poeng, medan ukrainske Ihor Reptyuk har like mange poeng som Ulset. Dermed er det duka for ei thrilleravslutning i verdenscupen samanlagt. 

- Vi er veldig jamne, seier Ulset, som håpar at heimebanefordelen vil vippe det heile i hans favør. 

- Nordmarka er det næraste eg kjem heimebane, og eg trivst veldig godt i løypene her. Det at eg er på heimebane kan jo slå ut begge vegar, men forhåpentlegvis kan det bidra til å avgjere dette til min fordel.

Annonser