Surnadal fekk ein svært uheldig start på kampen. Etter 7 minutt stod det 0 – 2 på resultattavla. No forstod heimelaget alvoret og kjørte kampen omgangen ut. Sjansane kom som perlar på ei snor. 1 – 2 kom etter eit kvarters spel. Eit flott angrep vart avslutta med scoring av Sara Fiske Nes.
Like etter sette Hanne Heggset Moldeforsvaret på prøve, så var Malin Livoll Schei farleg frampå utan resulat. Utover omgangen noterte vi fire skot like over, før Sara Fiske Nes avslutta med eit farleg raid like før dommarfløyta signaliserte pause. Andre omgang starta med fint frispark frå Mari Smevoll, så kom to raske innlegg som var berre centimeter frå å treffe pannebrasken til ein Surnadalsspelar.
Heimelaget kjempa seg til 3 cornerar på rad før Mari Smevoll endeleg kunne utlikne etter ei iskald avslutning etter 53 minutt. Like etter fyrte Liv Dannevig av ein susar like utanfor.
Surnadal såg ut til å ha full kontroll, men ei Moldekontring halvtimen før slutt førte til eit felling i farleg posisjon. Det påfølgjande frisparket vart sett elegant i mål.
Molde hadde ein sjanse til før heimelaget starta sluttspurten for alvor. Vi noterte: stong ut Hanne Heggset, like over Berit Bolme, farleg corner, raid Nora Fiske før Hanne Heggset avslutta kampen med nok eit stolpetreff.
Heimelaget hadde full kontroll i store delar av kampen, og spela til tider god fotball, men Molde var dødeleg effektive på dei få sjansane dei fekk.
Sjølv om poenga glapp denne gongen, er det svært tett i toppen, og vi skal kjempe hardt om kvart eit poeng i haustsesongen.
Dagens Sil-spelar vart Hanne Heggset.
Laget: Mari Bøe, Camilla Kvande, Kristine Flo Halle, Malin Livoll Schei, Ingrid Kvendset Hagen, Hanne Heggset, Liv Dannevig, Berit Bolme, Gry Norshusstuen, Mari Smevoll, Ingrid Dannevig, Gro Jeanette Gjørsvik, Sara Fiske Nes, Kari Røkkum, Nora Fiske.
Kristen Halle
lagledar