Surnadals damelag slo Sunndal 2-1
Damelaget inntok tabelltoppen etter slitekamp mot Sunndal 2.
Surnadal tok føringa frå start, og etter tre minutt låg den første ballen i nettet bak Sunndalskeeperen.
Sara Fiske Nes scora sikkert etter eit flott gjennomspel frå Malin Livoll Schei.
Sunndal hadde sin farlegaste sjanse i omgangen etter 10 minutt. Da small ballen i tverrliggaren over Mari Bøe i Surnadalsmålet.
Vidare var det ein jamn kamp utan store sjansar, men med fleire cornerar til begge lag.
Etter ein halvtime fekk sunndalsforsvaret føle farten til Hanne Heggset. Ho sprang frå alle og scora på det fine innlegget frå Mari Smevoll.
Det siste kvarteret av omgangen hadde Surnadal full kontroll på kampen. Berre ein god Sunndalskeeper hindra scoring etter farlege raid av Mari Smevoll og Hanne Heggset.
Heimelaget starta best i 2. omgang. Dei hadde initiativet i kampen utan å kome til store sjansar.
Etter 60 minutt reduserte dei til 1- 2. 10 minutt seinare hadde Surnadal ein dobbelsjanse, men ballen ville ikkje i mål.
Dei siste 20 minutta pressa heimelaget på for å få eit utlikning.
Sunndalingane kom til fleire farlege sjansar, mellom dei nok eit langskot i tverrliggaren, men Surnadal stod i mot, sjølv om dei fekk det svært tungt på slutten.
Etter torsdagens kamp klatra Surnadal opp på tabelltoppen i 3. divisjon. No gler vi oss til toppkamp mot Molde på Syltøran onsdag 22. juni.
Håpar mange vil møte opp og støtte laget i siste kampen før sommarpausen.
Laget: Mari Bøe, Camilla Kvande, Anne Bøe, Kristine Flo Halle, Malin Livoll Schei, Ingrid Kvenset Hagen, Hanne Heggset, Berit Bolme,
Gry Norshusstuen, Mari Smevoll, Ingrid Dannevig, Gro Jeanette Gjørsvik, Sara Fiske Nes, Guro Nordvik.
#FORUM#