Heimelaget fekk ein svært dårleg start på kampen. 0 – 1 etter 28 sekund er vanskeleg å takle, men det unge Surnadalslaget kjempa tappert og hadde eit spelemessig overtak, sjølv om dei ikkje kom til store sjansar.
Træff var svært effektive. Midt i omgangen gjekk dei opp til 0 - 2 på sin andre sjanse.
Surnadalingane starta friskt i 2. omgang, og da Malin Livoll Schei reduserte tidleg i omgangen, såg det ut til å bli ein hard kamp om seieren. Men Træff hadde meir å by på utover omgangen. To nye Tæff-scoringar, etter fine angrep, fastsette sluttresultatet til 1 – 4.
Trenar Oddbjørn Bolme såg positive tendensar i kampen, og meiner at det unge laget har eit stort utviklingspotensiale utover sesongen.
Onsdag 13. april spelar laget sin 3. kvalifiseringskamp mot Sunndal på Sunndalsøra kl. 19.00.
Kristen Halle
Lagleder